Eg er einig med Kirsti Dale: papiravisa må vere så fersk som råd. At Sunnmørsposten sjølv identifiserer seg som ei nettavis med papirutgåve, i staden for det omvende, det var nytt for meg.

Eg har stor glede av papiravisa sjølv om til dømes sportssidene har vorte dårlegare dei siste åra. Fotballtabellane er vekk. Avisa skriv heller ikkje om engelsk fotball lenger.

Mesteparten av lesarane er truleg eldre folk, og mange av dei er ikkje digitale, og har då ikkje glede av digitale utgåver.

På avisa sine nettsider står prisane. Digitalt abonnement 289 kroner i månaden. Komplett abonnement 479 kroner i månaden. Då får du digital avis, e-avis, familiedeling og papiravis. Kva som er prisen for berre papiravisa står det ikkje noko om.

Eg vil tru at det er mange abonnentar som klarer seg med ei god papiravis, som ikkje treng den digitale delen. 50 kroner i laussalspris er også høgt viss du skal kjøpe avisa kvar dag.