Produsentane av filmen «Konvoi», Martin Sundland og Catrin Gundersen, får den 18. januar breie seg over ei heil bladside med etter min meining usakleg kritikk av heidersmannen og tidlegare sjømann Arnljot Grimstad. Etter å ha nytta så godt som heile bladsida til utanomsnakk, kjem dei fram til saka si kjerne, med Tore Rosendal frå Arkivet sin tydelege tale:

«Kritikken om at filmens miljø ikke er troverdig og at skipet er for lite til å kunne gjennomføre sjøreisa til Murmansk samsvarer ikke med vår research. Filmens skip er bygget etter modell av blant annet DS «Hestmanden», som gikk i konvoi både under første og andre verdenskrig, i tillegg til å gjennomføre seilaser både til Arkhangelsk og Svalbard.»

Til det er å svare: Det truleg mest pålitelege og omfangsrike materiale om konvoiar, båtar og krigssiglarar finn vi i det britiske oppslagsverket Warsailors.com. Her finn vi også eit eige kapittel om DS «Hestmanden».

I 1940 var den kolfyrte damparen, med toppfart på om lag 8 knop, 29 år gamal. Under 1. verdskrigen var rekkevidda stor nok til å gjere turar i Kanalen, Nordsjøen, Svalbard og Arkhangelsk, men i dei arktiske konvoiane under 2. verdskrigen, frå Island til Murmansk/Arkhangelsk, var båten ikkje brukbar som fylgje på grunn av låg lastekapasitet og for lita max fart. DS «Hestmanden» ville difor bremse, og dermed utgjere ein unødig potensiell fare for resten av konvoien.

Utanom ein tur til Island, opererte båten heile 2. verdskrigen aleine eller i konvoi i farvatn rundt dei Britiske øyane. Ut frå sine føresetnader gjorde DS «Hestmanden» ein framifrå jobb. PQ 17 bestod nesten berre av engelske og amerikanske båtar. Unntak var Troubador (Panama) med norsk førar, Donbass (Russisk), El Capitan (Panama) og Paulus Potter (Nederland) (Med referanse til PQ Convoy Series/Arnold Hague Convoy Database).

Slik eg ser det, nyttar Martin Sundland, Catrin Gundersen og Tore Rosendal ureint trav mot heidersmannen Arnljot Grimstad. Grimstad fortel at urealistisk miljøskildring, mellom anna at godset i filmen var stabla slik ein ville gjere på eit lager på land, men ikkje slik ein ville ha stua og sikra lasten i eit lasterom under fart på Nord-Atlanteren eller i Arktis. Slike detaljar gjorde for fagmann Arnljot Grimstad filmen til ei pine å sjå. At filmskaparane drar inn PQ17, tener ikkje til deira fordel med omsyn til å forvalte ettermælet til krigssiglarane på eit ærleg og truverdig vis.