Eg har no fått vite at eg heilt sikkert er vald inn på fylkestinget i Møre og Romsdal. Eg gler meg til arbeidet, og lovar å ikkje gå stille i dørene.

Distrikta vart diverre valets taparar. Sjølv om Senterpartiet isolert sett gjorde eit heilt okei val – ja, kanskje eigentleg eit bra val med tanke på den politiske situasjonen elles, så glapp diverre posisjonen i Møre og Romsdal.

Eg ynskjer høgresida lukke til med å styre fylket vårt, og å innfri alle valløfta sine (og her kjem eit lite utval av det som vart lova av FRP i skulevalkampen):

  • Gratis buss for alle under 20 år.

  • Fleire bussavgangar i heile fylket, særleg på bygda.

  • Snus til 40 kroner.

  • Fjerne lakseskatten, eigedomsskatten og formuesskatten.

  • Kutte alle drivstoffavgiftene.

  • Oftare ferjeavgangar.

  • Auke frikortsgrensa til 250.000 kroner

  • Ikkje legge ned nokon vidaregåande skular, men tvert om styrke linjetilboda på distriktsskulane.

Eg skulle gjerne gått ut og lova hardt og mykje i valkampen eg også, men i motsetnad til FRP så deler ikkje vi ut pengar vi ikkje har. Konsekvensane av å innfri alle valløfta deira vil vere å måtte stoppe all positiv utvikling i Møre og Romsdal og å bygge ned velferdssystemet vårt kraftig. På kostnad av kva?

Med FRP sin politikk er det alltid distrikta og dei som allereie har det tøft som tapar.

Då er det kanskje bra for FRP og Høgre at dei har fått med seg Kristeleg Folkeparti som støttehjul – eg skjønnar godt at dei treng hjelp frå «høgare makter» for å klare å gjennomføre alt dei har lova.

Senterparti-gjengen på fylkestinget kjem til å bestå av folk eg ser skikkeleg opp til: Per Ivar Lied, Tove Henøen, Henrik Stensønes og Lisa Alvestad – og meg då. Vi skal vere folkets tenarar, og gjere alt vi kan for at sentraliseringskameratane på høgresida ikkje vinn fram med si rasering av bygda.