I haust uttalte rektor, Endre Hellandsvik, seg i Nordre om kutta som har skjedd ved skulen. Etter vi vart ein del av Ålesund kommune, har skulen måtte kutte sju årsverk grunna nedskjering i økonomien. Dette er noko vi merkar betrakteleg ved skulen. Sjølv om vi har vorte færre lærarar må vi framleis gjere den same jobben, om ikkje meir. Vi er usikre på korleis vi kan oppfylle dei krava som er stilt til oss, til dømes leggje til rette undervisninga godt nok slik vi kan sikre alle behov i klasserommet. Etter vi vart ein del av storkommunen, har vi mista moglegheita til å praktisere like god og tilpassa undervisning. Samstundes er vi bekymra for den aukande arbeidsmengda.

Lærarane ved skulen strekkjer seg langt for å halde oppe den same kvaliteten som vi har hatt tidlegare. Kvalitet er noko vi tidlegare har vore stolt av å levere, og vi har eit brennande ønske å halde fram med det, sjølv om dette har vorte vanskelegare å gjennomføre. Vi er aleine ansvarlege for større elevgrupper enn tidlegare, og dette byr på fleire utfordringar. Skulen ligg per i dag akkurat på lærarnorm, det vil seie at vi har éin lærar per 20 elevar. Vi er svært sårbare ved sjukdom, sidan dette pålegg dei lærarane som er igjen større arbeidsmengd, og arbeidstimar verte nytta til vikartimar. Dette skaper mindre tid til å gjere den jobben som faktisk skal gjerast i arbeidstida. Vi ønsker å unngå at lærarar blir utslitne på grunn av alle kutta i kommunen, det er nok lærarar som går til andre yrke. Det blir òg vanskeleg å rekruttere fleire til yrket, då vi vert mindre attraktive på grunn av nedskjeringane.

Den siste tida har det vore snakk om kutt i spesialundervisninga. Brattvåg ungdomsskule har hatt god praksis når det kjem til spesialundervising, og dette har vist seg å fungere godt. For to år sidan var vi to lærarar inne i norsk, engelsk og matematikk. Dette tolærarsystemet hadde elevane stor nytte av, da vi i klarte å gje elevane god oppfølging og tilpassing i klasserommet. Dette var ei bevisst satsing frå Haram kommune, og noko som kravde tilføring av ekstra ressursar. Dette systemet avgrensa også spesialundervisning, da vi kunne gjennomføre store delar av dette i klasserommet. Per i dag klarer vi ikkje å praktisere dette tilbodet grunna avgrensa ressursar. Kva skjer om kommunen kuttar ytterlegare i skulen og spesialundervisning?

Vi er stolte av å vere ein dysleksivennleg skule. Gjennom denne sertifiseringa har det kome mykje bra, og alle elevane har hatt god nytte av dette. Eit større fokus på digitale hjelpemiddel og tilpassing skaper meir kreative og løysingsorienterte elevar, som er viktige eigenskapar for framtida. Det er umogleg å la vere å stille spørsmål om dette er noko som vil falle vekk, dersom den økonomiske situasjonen skal halde fram slik den er i dag. Det er tydeleg at Ålesund kommune ikkje har skule som eit satsingsområde, da dette er ein sektor som blir hardt ramma av nedskjeringane i økonomien. To millionar her og to millionar der, påverkar drifta av skulen og tilbodet som vi kan gje. Ønsker kommunen at skulen skal driftast på eit minimumsnivå? Det er dit vi er på veg!

Vi ønsker eit større fokus på kvalitet i skulen, og ikkje på økonomi. Elevane må få den kvaliteten i undervisningstilbodet dei fortener, dei er trass alt framtida! Vi er fortvila over korleis situasjonen har utvikla seg og korleis dette går utover elevane og tilsette. Dette er svært urovekkande!