I Sunnmørsposten 17.11.21 vart den aktuelle saka mi omtalt. Eit vedtak vart omgjort til fordel for veg til eit anna byggeprosjekt i Ørskog slik at fire innbyggarar framleis lever med livsfarlege utkøyrsler. Artikkelen hadde tittelen « føler seg lurt av Ørskog kommune».

Trass i at Statens vegvesen då ville stenge avkøyrslene og kravde garanti på at dette vart gjort, så vart sakspapira dessverre borte på flyttelasset under kommunesamanslåinga (01.01.20) Etter lovnaden frå dåverande kommunedirektør i Ørskog skulle vegane stå ferdig i 2019.

Fylkeskommunen innrømmer 31.08.21 at dei ikkje var klar over at det var gjort eit rekkefølgekrav frå Statens vegvesen og at ei slik endring ikkje hadde vore på høyring i Møre og romsdal fylkeskommune, men at veg 2 ville bli opparbeidd.

I brev av 31.01.22 får eg beskjed frå Ålesund kommune at det er sett av midlar til veg indre, men at ein ikkje kan gi ein eksakt dato ein kan ta omsyn til. Dette er svært skuffande og belastande for meg ettersom byggesøknaden min framleis ligg i korridorane til Nye Ålesund kommune. Det omgjorde vedtaket har kosta meg prismessig, og med tanke på tapt arbeidsinntekt då bustaden også vil innehalde mitt atelièr.

Ettersom eg har engasjert advokat i forbindelse med saksbehandlingsfeilen, så er det skuffande å få til svar frå kommuneadvokaten at eg strengt tatt kunne bygd vegen min sjølv. Er dette måten kommunen ynskjer å ta vare på innbyggarane sine på?