Eg meiner likevel at det framleis finst eit slikt rom, og at Den norske kyrkja treng stemmer som frimodig talar om Guds gode vilje i forkynning og undervisning – og i styringsarbeid. Frimodig kyrkje Møre stiller liste til kyrkjevalet og vil vere ei slik stemme i bispedømerådet, kyrkjemøte og andre kyrkjelege fora.

Å sjå engasjerte og reflekterte unge menneske slutte opp om Frimodig kyrkje er ein viktig grunn til at eg støttar dette initiativet. På lista for Møre bispedøme har vi fleire av desse, og i to av dei andre bispedøma er førstekandidatane under 30 år. Kyrkja treng frimodige unge som er med der avgjerder om kyrkja si framtid blir tekne. Frimodig kyrkje vil styrke kyrkja si satsing på fellesskap for unge og unge vaksne, og vil arbeide for å prioritere undervisning, opplæring og disippelgjering for alle aldersgrupper. Dette inneber også å arbeide for ein god søndagsskule i alle kyrkjelydane, styrke bønearbeidet og inspirere til aktiv bibelbruk i kyrkjelydar og familie.

Forkynninga av Guds Ord, fellesskap i gudsteneste, nattverd, dåp og bøn er pulsslaga i kyrkjelyden. Frimodig kyrkje ønskjer ei sterk vektlegging av lokalkyrkjelyden, med kyrkjelydsbyggande arbeid som utgangspunkt og hovudfokus. Forvaltinga av kyrkja sine eigne ressursar må avspegle dette. Og lokale ønske må kunne bli tillagde stor vekt. Kyrkja må såleis også sikre stabile rammer for dei som held fast på kyrkja si tradisjonelle lære.

Frimodig kyrkje ønskjer å ta vare på arven som tradisjons- og kulturberar i lokalsamfunnet gjennom samarbeid med musikk- og kulturliv, skule og organisasjonar, og ta vare på alle kyrkjebygg som på ein særskilt måte vitnar om Norge sin tusenårige åndelege arv. Kyrkja må lokalt bidra til trygge og sunne oppvekstvilkår for barn og unge, og til at undervisning rundt seksualitet og kjønn byggjer på biologiske fakta og bibelsk skapingsteologi og samlivsetikk.

Frimodig kyrkje vil ta menneske sine erfaringar og livsspørsmål på alvor, og samtidig gi hjelp til å halde fast på Bibelen og vår evangelisk-lutherske vedkjenning. Jesus spurde aldri om lov til å seie det som kunne verke kontroversielt, anten det var til høg eller lav. Og han har heller aldri bede kyrkja om å teie, men frimodig forkynne evangeliet om frelse og forlating for syndene. Kyrkja treng frimodige stemmer som seier dette.