Laurdag 15. oktober feirar nærbutikkar over heile landet kundane sine, som vel å handle lokalt. Det er handlefest på nærbutikken, og du er invitert!

Det er grunn til å feire. Butikken er nemleg mykje meir enn butikk. Som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer og drivstoff har butikken mange funksjonar som er med på å halde liv i bygda. Med post i butikk, medisinutsal og omsorg for dei kundane som treng ekstra oppfølging, er butikken eit helsefremjande tiltak som gjer det mogleg for folk å bu lengre heime.

Når vi handlar på nærbutikken, er vi med på å sikre at tilbodet finst i framtida. Ingen vil halde butikken open om den ikkje går rundt økonomisk. Likevel er landet fullt av entusiastiske kjøpmenn som er motivert av meir enn butikk. Ein nærbutikk i Distrikts-Noreg er sjeldan ei gullgruve. Og den gir sjeldan rom for 37,5 timar arbeidsveke og lang ferie. Desse butikkdrivarane brenn for bygda si. Dei driv butikk fordi bygda treng mykje meir enn daglegvarer. Ditt og mitt bidrag til å sikre det varierte tilbodet i bygda er å gå på butikken, kjøpe matvarer, ta ein kaffikopp  og prate med naboen.

I over 25 år har det statlege Merkur-programmet vore støttespelar for nærbutikkar i Distrikts-Noreg. Målet er å drive bygdeutvikling gjennom butikkutvikling. Det skjer gjennom eit kompetanse- og utviklingsprogram og gjennom støtteordningar. Det er stor utviklingsvilje i butikkane. Dei siste åra har over 40 butikkar investert i ny teknologi som gjer det mogleg med sjølvbetjening og lange opningstider. Mange butikkar arbeider med enøktiltak for å gjere straumrekningane mindre, noko som er avgjerande for framtida for nokon. Aller viktigast for framtida er likevel at butikkane får seld varene sine. Til bygdefolk, hyttefolk, næringsliv og kommunar.

Butikkane som markerer Handle lokalt-dagen ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Dagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen. Mange legg opp til ekstra aktivitetar i butikken, og engasjerer frivillige organisasjonar og lokale underhaldarar. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordføraren på besøk.

Tek du turen på butikken?