I Sverige har dette ført til auka valdeltaking, og skilnaden mellom oppslutning om lokal- og riksdagsval har minka.

Stor valdeltaking er ein styrke for det representative demokratiet. Løkke meiner at felles valdag kan gje mindre merksemd rundt lokale saker og tippe merksemda mest i retning av nasjonale saker, også når det gjeld lokalvalet. Han trur likevel ikkje at felles valdag vil skygge for dei viktige lokale sakene.

Spørsmålet er diskutert mange gonger tidlegare, i regjeringsoppnemnde utval og i Lokaldemokratikommisjonen.

I Valglovutvalet gjekk Martin Kolberg (AP) inn for felles valdag i ein dissens. I Lokaldemokratikommisjonen gjekk eit stort mindretal i kommisjonen (medlemane Sørheim (SP), Røssland (FrP), Steen (AP), Kvaløy (SP) og Skard (AP) inn for felles valdag for stortings-, fylkestings- og kommunestyreval med følgjande grunngjeving: «Felles valdag er eitt av få tiltak som vil auke valdeltakinga.

Mindretalet meiner og at felles valdag kan vere eit viktig tiltak for å auke den politiske interessa og for å sikre at heilskapsperspektivet på politikken kjem betre fram.

Kommunane utfører i stor grad oppgåver innanfor rammer sett av staten. Det er difor avgjerande for lokalpolitikken korleis den nasjonale politikken blir utforma.

Stortingsfleirtalet og Regjeringa vil i stor grad ha innverknad på korleis kommunane skal og kan løyse oppgåvene sine. Kommunale oppgåver er i fokus og vert i stor grad avgjerande for valresultatet også ved Stortingsval, t.d. eldreomsorg, skulepolitikk og barnehagepolitikk.

Det er også rikspolitikarane som i stor grad dominerer valkampen både ved lokalval og stortingsval. Ein felles valdag vil tydeleggjere ansvaret mellom dei ulike styringsnivåa, disiplinere politikarane og skape ein felles debatt og forståing rundt viktige problemstillingar som må løysast i samarbeid mellom forvaltningsnivåa.

Mindretalet meiner at felles val vil auke tilliten mellom stat og kommunar og tilliten til dei folkevalde og dei politiske partia på alle nivå. Mindretalet meiner dette ikkje vil svekke høvet til samtidig å få fokus på lokale saker og lokale kandidatar. Det vil bli lettare med politisk ansvarsutkrevjing både sentralt og lokalt enn no. I dag kan ein få regjeringsskifte og fullstendig endring av politikk ovanfor kommunane midt i ein kommunestyreperiode.»

Eg meiner argumenta står seg den dag i dag. Det har vist seg at der det er viktige lokale saker og der personvalet betyr mykje, slår det lokale uansett gjennom.

Sjølv om politikarane hevdar at lokale saker og kandidatar skal stå i fokus i lokalvalet, blir det ikkje slik. Både på reiser rundt i landet og i alle media er det regjeringsapparatet og stortingspolitikarane som står i flaumlyset og med lokale ordførarkandidatar innanfor lyskrinsen.

Lokalvalet blir ofte anten ei støtte til eller ein protest mot sittande regjering. I staden for å få fram politiske samanhengar og ansvar, bidreg valkamp annakvart år til at politikken blir mest kampanje. Det vil over tid svekke demokratiet når det ikkje blir samanheng mellom politikken som blir ført og retorikken i valkampen.