Og på ein skjerm står der skrive - Generalalarm øverst og General alarm (engelsk) under. Ei roleg kvinnestemme seier at om Generalalarmen går så hender det og det. Men eg blir samstundes litt uroleg, for ho seier ikkje kva som hender om Oberstalarmen går? Eller, sidan vi faktisk er på sjøen, kva gjer eg om ein Admiralalarm vert utløyst? Eg søkte opp General Alarm på nettet. Der fann eg at det, på norsk, ikkje heiter Generalalarm, men generell alarm, og at den er vanleg å bruke til sjøs.

Men kva om der finns ein eller fleire ugenerelle alarmar? Burde eg ikkje då få vite korleis dei lyder, og kva eg gjer om så skjer? Dette var forvirrande og skapte i meg ei uro som eg bar i meg på heile tur/returen. Min indre alarm var utløyst og eg forstod at noko måtte gjerast. Så her kjem difor eit gratis framlegg til FRAM eller Boreal ; Dersom der berre er éin type alarm så er det vel nok å skrive «ALARM», og evt lese; «VED ALARM .. osb»? Så får heller dei engelsktalande passasjerane berre lure på om det dei evt får høyre er ein general alarm, eller ikkje. Ein generalalarm er det i all fall ikkje, verken på norsk eller engelsk. Og når språkvasken likevel er i gang, så er det vel like greit at den hyggelege dama som les til oss får bytte ut «beibiar» med «spedbarn»? Berre ein tanke.