Eg er frå Sunnmøre, og stolt av det. Det er vakkert her. Eg skjønar godt at mange cruiseskip legg fleire av sine destinasjonar hit.

Eg jobbar som turbussjåfør. I min kvardag er cruiseskip og passasjerane derifrå heilt normalt. Eg likar då også å vise fram heimtraktene mine.

Samstundes som eg les at fleire og fleire ynskjer seg cruiseskip til sine bygder, registrerer eg også bebuarar i kommunar med høgt press som ynskjer dei vekk.

Då tenkjer eg: Veit kommunane som inviterer skipa eigentleg heilt kva dei gjer?

Sjå på Ålesund: Ein stor destinasjon over mange år. Ikkje ein gong denne kommunen ser ut til å vite kva dei driv med. Endå dei bør vere proffe på dette no.

Dei inviterer skip til hamn. Då tenkjer kommunen visst at dei har gjort sitt. Men byen sviktar totalt som vert: Ingenting er tilrettelagt for så mange turistar. Dette gjeld for så vidt Stranda også.

I Ålesund verkar det som om ingenting er regulert. Dei målar metertalet og tek imot til kaiene er fulle. Men kva så? Skipa skal no ha passasjerane sine i land. Gjestane skal bussast både hit og dit. Og alle vil innom Aksla og Fjellstua.

På vegner av oss sjåførane vil eg beklage til alle som bur i denne bydelen. At somme av oss har køyrt litt for fort og ikkje tatt nok omsyn til dei som bur langs vegen til Aksla – det må vi ta på oss. Dette skal ikkje skje. Men det skjer.

Eg kan likevel ikkje beklage at bussen er stor, lagar lyd, har med turistar, eller køyrer på vegen.

Inst inne trur eg ingen av oss turbilsjåførane eigentleg vil opp på Aksla.

Men ettersom lite er regulert og operatørane sel turar dit, har vi ikkje så mykje å seie om den saka.

Fjellstua tek no betalt for trafikken ut på terrassen. Eg er heilt samd med dei i avgjerda. Dei har utgifter og skal sjølvsagt ha kompensert for desse. Heilt på sin plass. Men turoperatørane sender framleis busslaster opp. Kvifor? For å sjå ei låst grind?

Ålesund må informere om kostnadane. Kommunen kan regulere trafikken. Vi treng ikkje vere særleg kreative eingong: Klassifisér vegen ned att til såkalla BK8, noko den eigentleg er.

Alle treng ikkje køyre opp for å sjå den låste grinda. Det held med turistane som betalar for å bruke Fjellstua.

Ved utsiktspunkt som Aksla må ein leggje til rette. Langt dei færraste turistane går. Dei kjem i bil, bubil, med vogn eller i buss. Då må det vere høve til å stoppe, losse / laste og parkere på fornuftig vis.

Diverre er dei færraste attraksjonane våre lagt til rette for slik turisttrafikk. Men meiner vi alvor, må vi leggje til rette og bruke pengane som trengst.

Er dette kostnader kommunane er villige til å ta? Noko dei kan tenkje seg å ta inn? Og ikkje minst: Ynskjer dei som bur der denne trafikken i nærmiljøet sitt?

Turisme har konsekvensar. Det trur og håpar eg alle forstår. Du kan ikkje invitere til fest for så berre å gøyme deg. Det er dårleg vertskap.