Eg brukar ikkje å køyre til Ålesund sentrum eller innom bomringen så mykje at eg har brydd meg særleg om bompengane, og det å skaffe autopass til den gamle jobbilen som eg brukar dagleg.

Folk har snakka varmt om «timesregelen», utan at eg har sjekka det meir inngåande, men har forstått at det kostar litt meir.

«Litt meir»? No har eg fått erfare at det kan bli dyrt. Fordi: ein biltur tur/retur Blindheim – Ålesund sentrum kostar 7,5 gongar meir utan avtale ein med autopassavtale. So framt det er innanfor ein time.

Nærmare bestemt kr 156 kontra kr 20,80. Ein prisforskjell som eigentleg burde ha stått med blinkande raud skrift på nettsida til Bypakke Ålesund.

Men om formålet er å tene pengar i staden for å tene brukarane, så er det nok greitt at informasjonen om dette er so pass «diffus» som den er.