Etter at Nordvest Taxi AS tapte pasientkøyringa som Helse Midt-Norge har hatt ute på anbod, så er det langt fleire enn den lokale drosjenæringa som no kjenner seg urolege. Som ordførar i ei distriktskommune ser eg med gru på å få att tilstandane vi hadde berre for få år tilbake. Eg hugsar klagene som kom frå pasientar som gret fordi dei var utslitne etter ein heil dag i samledrosje. Når ein ikkje er frisk så er det krevjande å vere på rundtur over heile Sunnmøre, før ein endeleg kjem seg heim att til siste stopp i Vanylven ut på kvelden. Ikkje visste drosjesjåførane nødvendigvis kvar pasientane skulle, og når pasienten sjølv ikkje var så sikker heller, så skjedde det at det sto att ein eldre herre ved fylkesvegen som ikkje ante korleis han skulle finne vegen opp til eiga stove. Det har også skjedd at ein eldre pasient har lagt seg til å sove i eiga garasje fordi ho ikkje fann vegen inn i huset sitt.

Og ja, eg skjønar at sjåførar berre er menneske, og alle kan gjere feilvurderingar, men dess fleire framande sjåførar, og dess meir tidspress som er lagt på dei, dess større er risikoen for at menneskelege feil får fatale konsekvensar. I dei nemnde tilfella gjekk det godt, takka vere gode naboar, og heimeteneste på besøk, og eg er viss på at sjåførane i desse sakene har lært til neste gong. Men når vi veit kva våre pasientar har vore utsette for tidlegare, så ser vi ikkje fram til at eit nytt firma, som pr. no ikkje har ein einaste bil, skal ta over pasienttransporten når dagens avtalar går ut 1. juni.

I Møre og Romsdal er det rundt 230 løyvehavarar som vert råka av endringane, ifølgje fungerande styreleiar i selskapet Nordvest Taxi AS, Knut Magne Jektvik. For mange av distriktsdrosjene er pasientkøyring den desidert største delen av omsetninga. Utan inntekter frå pasientkøyringa vil det ikkje vere lønsamt å køyre drosje, hevdar drosjeselskapet. Kven skal då ta seg av TT-køyringa og skulekøyringa, som ikkje bussane tek? Om det ikkje lenger løner seg å køyre drosjer i distrikta, og når det ikkje lenger er køyreplikt så er det heller ikkje lenger slik at drosjene står klare på laurdagskvelden for å køyre lystige ungdomar trygt heim frå festlege lag. Kva risiko utset vi publikum for då?

Kva med samfunnsansvaret? Kva med lokale arbeidsplassar? Kvifor skal det vere slik at helseføretaket skal ha ansvaret for pasientkøyring, medan fylket skal organisere skulekøyring og TT-køyring? Bør ikkje alle desse tenestene sjåast i samanheng? Dei heng iallfall saman for dei som skal leve av å køyre drosjer.

Vi risikerer no eksistensgrunnlaget for ei heil næring i distrikta. Og vi risikerer at færre bilar er tilgjengeleg når nokon er i ein sårbar situasjon. Kven tek ansvaret for at vi framover får litt meir føreseielegheit, betra tryggleik og ein verdig pasienttransport for dei sårbare i samfunnet vårt?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!