På valdagen var røystetalet i Vatne/Tennfjord (V/T) valkrins 570 for Haram og 601 for Ålesund. Så var der 332 førehandsrøyster (FH-røyster) som ingen veit fordelinga på.

Direktøren fordelte då dei 332 stemmene i same forhold som røystetala på valdagen og fekk resultatet han ville ha. Det same gjorde han i Søvik/Grytastranda (S/V) valkrets.

I innstillinga til kommunestyret skriv han slik (sitat): «Det er likevel grunn til å merke seg at det i to av valkretsane var eit fleirtal som stemte for å bli verande i Ålesund.» Han slo det fast utan å vite det!

I det som ordføraren har kalla eit «fagleg råd» frå kommunedirektøren.

Korleis førehandsrøystene er delt på Haram/Ålesund pr. krins er det altså ingen som veit. Men følgjande reknestykke viser at det er svært sannsynleg at det var fleirtal totalt (valdagsrøyster + FH-stemmer) i minst ein av dei to krinsane.

Det var berre 294 FH-stemmer til fordel for Ålesund av totalt 2369 FH-stemmer. I Vatne-Tennfjord var det 332 FH-røyster og i Søvika-Grytastranda 302 FH-røyster. For å få fleirtal samla for Ålesund i Vatne-Tennfjord må det ha vore minst 151 FH-stemmer for Ålesund.

Tilsvarande må det ha vore 116 FH-røyster i Søvika/Grytastranda. Til saman må dei to krinsane ha «brukt opp» minst 267 ja til Ålesund-stemmer av dei 294, slik at det er att berre maksimum 27 slike FH-stemmer til fordeling på alle dei andre krinsane.

Er det sannsynleg?

Den faktiske fordelinga av FH-stemmene kjenner vi ikkje, men at det i minst éin av dei to krinsane var fleirtal for at Haram skal ut av Ålesund, er rimeleg sikkert. Uansett er det forkasteleg av kommunedirektøren å slå fast som fakta noko han ikkje veit og heller ikkje kan vite.

Endå verre er det når dette blir brukt til å så tvil og splid og å blande inn endring av kommunegrenser og utskiljing av dei to nemnde krinsane frå nye Haram. Føremålet er tydelegvis å svekke resultatet av folkerøystinga for å auke sjansen for eit nei til frådeling i kommunestyret.