Kampen mot tvang har ført oss dit vi er no. Folket har gitt sitt råd: Fleirtalet i Brattvågen, Fjørtofta, Harmasøya, Helland, Hildre, Lepsøya og Longva vil ut av Ålesund for å bli eigen kommune. Fleirtalet i Grytastranda/Søvika og Tennfjorden/Vatne vil bli verande i Ålesund. Ja, da må det vel bli slik.

Min frykt er at fleirtalet i kommunestyret, og seinare Stortinget, vil bruke sin prinsipielle motstand mot tvang og prinsippet om å følgje folket sitt råd, så langt det passar. Dette kan resultere i at Grytastranda, Søvika, Tennfjorden og Vatne, mot deira fleirtal og med tvang, må forlate Ålesund og bli ein del av nye Haram kommune.

Det skal bli interessant å følge med på om frigjeringa frå tvang vil føre til ny tvang.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!