Dette tilseier at alle stillingar er fylte. Vi er med dette fem fleire jordmødrer i arbeid enn sommaren 2022. Drifta 2023 er grunna dette, planlagt utan bruk av vikarbyrå. Argumentasjonen til administrerande direktør Øyvind Bakke for sommarstenging av fødeavdelinga i Volda knytt til bruk av vikarbyrå, fell derfor bort.

Vi stiller oss undrande til at fødeavdelinga i Ålesund, utan problem har kapasitet til å ta imot våre gravide og fødande i sommar, i tillegg til føde poliklinikk, omgåande hjelp, telefonar frå bekymra gravide, gynekologisk poliklinikk og omgåande hjelp, ultralyd poliklinikk/screeningundersøkingar, samstundes som dei skal avvikle ferie sjølve.

Vi har framleis til gode å sjå eit rekneskap over kva dei kjem til å spare på dette. Førre gang dette vart utprøvd (i 2007) var rapporten nedslåande, og konsekvensane så negative for dei gravide og tilsette at det vart anbefalt å aldri gjenta det. Eit slikt vedtak vil få store ringverknader og føre til utryggleik, bekymring og eit uføreseieleg tilbod til kvinnene i vårt distrikt. I 2007 reiste 1/3 av dei fødande til Nordfjord, no er ikkje lenger dette eit alternativ.

Helsedirektoratet har sendt ut ekstern høyring av utkast til ny nasjonal fagleg retningslinje for fødselsomsorg i Norge: «Helseføretaka skal sørge for at det organiseres en døgnkontinuerlig vaktberedskap, og en følgetjeneste for gravide og fødende med mer en 1,5 timers reise fra heimen til fødeinstitusjonen.» Denne vaktberedskapen vil gjelde svært mange av kvinnene i vårt distrikt. I 2007 vart det rapportert at HMR sparte 550 000 kroner på sommarstenginga. Kor mykje vert det då i 2023 dersom ein i tillegg skal ha døgnvaktberedskap og følgetjeneste med jordmor? Korleis skal ambulansetenesta kompensere då dei fødande vil ta mykje av kapasiteten til følgetjeneste? Og korleis skal kommunehelsetenesta førebu det auka trykket frå bekymra gravide og nybakte mødrer midt i fellesferien? Er dette verkeleg verdt det?