Det er sjølvsagt viktig at vi kan stole på politikarane våre, i eit «tillitsbasert» demokrati. Men det går ei grense for alt, og den grensa syns eg for lengst er nådd.

Grensa eg snakkar om er media og vanlege folk si rolle i det som eg meiner har utvikla seg meir og meir til ei heksejakt.

For meg tippa det då Erna Solberg etter å ha blitt grilla av mediehus etter mediehus, time etter time, fekk spørsmål av TV 2 sine journalistar om ho hadde vurdert separasjon frå Sindre Finnes. Dette syns eg rett og slett var både eit upassande og stygt spørsmål. Dette er ærleg tala ei privatsak, i motsetnad til mykje anna i denne saka.

Når det gjeld Erna, bør ho kanskje av omsyn til seg sjølv og familien sin sjå slaget som tapt.

Det eg mislikar aller mest i både «Solberg/Finnes -saka» og alle dei andre habilitetssakene og politikarane sine feiltrinn, er folk si evne og sin vilje til å velte seg i andre si elende. Vi må ikkje gløyme at politikarar er menneske og ikkje maskiner. Dei har familie og ikkje minst barn som er totalt uskyldige.

Ingen av oss som har levd ei stund gløymer Tore Tønne – saka. Denne saka burde vere pensum i journalistutdanninga om den ikkje allereie er det.

Det verkar som om offentlege personar og spesielt politikarar skal tole alt, dei har jo trass alt sett seg sjølv i posisjonen dei står i, eller?

Jo da, det har dei. Men vanlege folk bør også ha ei grense for kva dei kan tillate seg å uttrykke offentleg, spesielt i sosiale media. Dette har vi også reglar for i Noreg. Folk bør greie å skilje sak og person, dette gjeld sjølvsagt også media, som bør flagge Ver Varsam – plakaten» høgt.

Vanlege folk si skittkasting i sosiale media og pressa si handtering av mange saker, er etter mi meining ein vel så stor trussel mot demokratiet som politikarar med begge beina godt planta langt ut i salaten, snakkar usant og går over grenser.

Eg tenker ofte på mi gode mormor sine kloke ord; «snakk alltid sant så slepp du å hugse det du har sagt» Dette uttrykket kunne for oss menneske, so vel som politikarane vere ein god leveregel.

Min påstand er at det som rører seg i samfunnet vårt, stikk djupare og handlar om verdiar, evne til å vise menneskelege omsyn, og til å vurdere rett og gale. Har det «tillitsbaserte» og «varme» Noreg, blitt eit kaldt, kynisk og egoistisk samfunn der vi har slutta å bry oss om medmenneska våre? Eit samfunn der vi saman med media jagar i flokk inn i den moderne gapestokken, medan det frådar i munnvikane?

I so fall er det ikkje berre demokratiet vårt som er i fare.

Ingen er feilfrie, sjølv ikkje du og eg, som sit trygt i glashusa våre.