Faktisk var dette eit problem. Det kunne vere vanskeleg å gjere bilen rein. I dag er problemet større ved at der ikkje er ihelklistra insekt på bilen. Kva har skjedd?

Har vi ein link til global oppvarming? Det har vi nok, men årsaka er nok samansett av mange faktorar. Dette innlegget er ikkje meint som kritikk til nokon. Det skaper lite utvikling. Derimot kan dette få deg til å tenke. Det vil vere stort.

I min ungdom klaga vi på at bilen rusta. Det var bilen som var det viktige. Den fekk redusert levetid, og redusert verdi. Kvifor rusta bilen? Svaret her er enkelt. Salt vart tilført snødekt og glatt veg. Saltet tok bort snø og is.

Rett nok tok salt bort meir enn det. Livet i vegkanten vart også borte. Bilen vart etter kvart ikkje tildekt av insekt. Dette er då bra? Ja!, men berre der og då. På lengre sikt gjeld det livet på jorda. Insekt er næring. Insekt skaper mat, frukt, bær osb.

I 1948 fekk den sveitsiske kjemikaren Paul Müller Nobelprisen i fysiologi/medisin. Han fekk prisen for den insektdrepande effekt av diklor-difenyl-trikloretan. Kjent som DDT. Dette stoffets mange fordelar var at det var makelaust dødeleg for mygg, lopper, lus og ei mengd andre «skadelege» insekt. På 70-talet vart DDT kjent for å skade økosystemet og vart gradvis fasa ut i dei forskjellige land.

I dag set me stor pris på tilgang av kunstgjødsel. Kunstgjødsel gir større avlingar. Større avlingar gir gjerne lågare pris. Rett nok er pris for kunstgjødsel rimeleg høg.

Truleg er prisen du betaler for skadeleg verknad på jorda, havet, grunnvatnet og helsa di større. Inn i denne skaderekkja ligg også fedme.