«Ingen tek risiko lenger. Ingen tør. Det er bom stopp Øyvind!» Han sukka i telefonen og var oppgitt. Leverandøren på Vestlandet har dei siste åra skapt ti arbeidsplassar i eit lokalsamfunn. «Eg får i alle fall ikkje til fleire, om eg skal leve av havbruk framover».

I mine 12 år på kommunikasjon i Sjømat Norge set eg svært stor pris på å løfte røret og ta ein prat med mange av dei kreative sjelene langs kysten. Unge og gamle, engasjerte og taleføre. Den unge gründeren eg snakka med nyleg, ringer og ofte for å fortelje kva som skjer. Telefonsamtalen vi hadde, var svært lite oppløftande. For fyrste gong sidan vi vart kjend var han verkeleg oppgitt og irritert. «Øyvind, dei seier det er tid for hente meir til fellesskapet, korleis skal eg klare det, når ingen lenger vil investere?»

Eg har tenkt ein god del på telefonsamtalen i det siste. I min jobb i Sjømat Norge har det vore hektiske dagar som følgje av sjokkdagen 28. september. Mykje av søkelyset har gått til havbruksselskapa, og det er ingen tvil om at forslaget som ligg på bordet kjem til å gjere kvardagen deira svært utfordrande.

MMC First prosess. Cflow. Optikar. Mørenot. Aqua Knowledge. Sølvtrans. Rostein. FSV. Dette er berre nokre. Hald dykk fast. 500 arbeidsplassar er vekke i Møre og Romsdal etter 28. september i fjor. Ifølgje Global Aquaculture Tech Hub trur ein 500 til er vekke før påske. 1000 arbeidsplassar. Tør verkeleg de i Senterpartiet å akseptere dette?

Den såkalla leverandørindustrien har opplevd ei sterk utvikling dei siste ti åra, berre i Møre og Romsdal utgjer dette ei verdiskaping på 13 milliardar, viser tal frå Menon. Det er 3200 arbeidsplassar. No risikerer vi at ein tredjedel av dei er vekke fordi ein ønskjer ei heftig skatteauke i havbruksnæringa. Vårt fylke har vore ein primus motor for utviklinga av havbruk i Noreg. Utan desse flotte leverandørane hadde havbruk aldri vore der ein er. Møre og Romsdal er nærmast grunnlagt på risiko og vilje til å skape. Tør de i Senterpartiet å sende denne næringa nærmast tilbake til start?

Det er nemleg bom stopp for leverandørane. Oversikta syner at havbruksselskapa har sett investeringar på over 40 milliardar på vent. Årsak? Forslaget som vart lagt fram i fjor haust. På vegner av leverandørane, havbruksselskapa og alle vi som ønskjer å skape ein levande kyst der sjømat står i sentrum: De på fylkesårsmøtet til Senterpartiet i Ålesund, Send eit klart vedtak til landsmøtet i mars. Leverandørane er tydelege. «Innføres grunnrenteskatten, må vi snu. Da bygger vi havbruk i verden og ikke i Norge». Det kan ikkje ha vore meininga frå Regjeringa.