Mer vindpenger til kommunene
Avisa har tydlegvis ikkje fått med seg at der ein har prøvd erstatte stabil kol-olje-, gass, eller atomkraft med utstabil og dyr vindturbinkraft, har det ikkje fungert. I november 2018 heldt australske Joanne Nova eit føredrag i Oslo om korleis det gjekk då landet hennar, som fram til 2005 hadde basert seg på energi frå vasskraft og kol, innførde sol- og vindturbin som energikjelder.
Ingen politikarar eller pressefolk møtte fram til foredraget. Av dei cirka 60 frammøtte var der mange ingeniørar, slike som forstår seg på teknologi og realfag.
I kortform, kunne ho fortelje, vil innføring av vind- og solkraft i eit velfungerande kraftnett (som det norske) føre til:
Straumprisen vert dobbel til tredobbel
Kraftnettet vert ustabilt
Næringslivet vil slite fordi all straum vert dyrare
Alle varer og tenester vert dyrare for forbrukarane.
Kraftmangel og styrte straumutkoblingar vert vanlige.
CO2-utslepp og trong for kol held fram som før
Sal av dieselgeneratorar og backupløysingar aukar.
Den økonomiske utviklinga bremsar opp/stansar.
Kraftkrevande industri flaggar ut til land med lågare prisar og meir stabilitet. -vindturbinindustrien vert avhengig av subsidiar.
Nye arbeidsplassar kjem i lågkostland som Kina.
Andre kraftprodusentar sluttar å investere.
Energifattigdom oppstår hos dei med låg inntekt.(eks. i Tyskland vart i 2017 344.000 husholdningar fråkobla, året før 330.000 grunna manglande bet. til kraftleverandøren) -vedlikehaldsutgiftene for kraftnettet skyt i taket.
Nokre forbrukarar får litt rimlegare straum enn andre på dagtid. Konklusjon: sol- og vindkraft fungerer ikkje.
I Norge har fysikar Stein Bergsmark (2016) kome til følgjande: Å bygge vindkraft her i landet kostar minst 3 gongar så mykje som å bygge ut vasskraft og har berre 1/3-del av levetida.
Å bygge vindturbinar til havs kostar 4-5 gongar så mykje. Konklusjonen er grei: Å bygge ut vindkraft i Norge er ei gedigen feilsatsing. At Nord-Trøndelag E-verk i 2012 måtte vedgå at dei hadde tapt 500 millionar på vindsatsinga si frå 2003 og at Midtfjellet Vindpark AS i 2014 melde om eit underskot på 240 millionar før skatt, støttar denne oppfatniinga.
Kanskje hadde leiinga i Stakraft dette i tankane då dei i mars dette året kunngjorde at dei ikkje ville satse på vidare utbygging av vindkraft i Norge etter at dei 3 områda dei har fått konsesjon på, er ferdig utbygde.
-------------------------------------------
Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.