I eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten kritiserer Erik Bugge Ålesund kommune sin bruk av sosiale media til marknadsføring. Det vert framstilt som om kommunen har ein ukritisk bruk av Facebook og Google, der vi ope godtek misbruk av personopplysingar.

Det er ikkje rett. Vi kan forsikre om at Ålesund kommune tek personvernet på alvor, tidlegare i år gjennomførte vi ei risikovurdering av korleis vi bruker Facebook og andre sosiale media. Utgangspunktet var Datatilsynet si vurdering av om dei skulle vere på Facebook eller ikkje. Dei konkluderte med at dei ikkje skulle gå den vegen. Verksemder og kommunane blei oppmoda om å ta ei vurdering av sin bruk, og såg nettopp på bruk av Facebook, sidan det er det som er det meste brukt av sosiale media.

Bakgrunn og utgangspunkt for vurderinga er at kommunar har fleire plikter enn Datatilsynet når det gjeld informasjon til innbyggarane.

Vi skal ha innbyggardialog både i normalsituasjon og under kriser. Vi skal synleggjere tenester, tilbod og moglegheiter. Og vi skal drive med omdømebygging.

Vi er klar over Meta og Google sin bruk av persondata, og er einige i at deira sin bruk, vidaresal/formidling og spreiing av personopplysingar gir grunn til bekymring. Det er difor viktig at vi er bevisste på vår bruk. Her høyrer det med at vi har behandlingsansvar for våre innlegg og måten våre sider er sett opp på medan Meta og Google er behandlingsansvarlege for vidare bruk av persondata frå brukarane av Facebook.

Det er viktig å streke under at vi aldri bruker Facebook eller sosiale media som einaste kanal. Å vere på sosiale media er frivillig og vi skal ikkje tvinge nokon til å vere på desse plattformene for å finne viktig informasjon frå oss. All informasjon ligg alltid på alesund.kommune.no.

Men, for å nå innbyggarane med kommunen sin informasjon, kan eit av tiltaka vere annonsering. Det gjer vi i aviser, både papiraviser og nettaviser, og i andre media og digitale kanalar. Norsk lov pålegg også kommunar å annonsere nokre saker, som kunngjeringar og høyringar.

Kommunen kan annonsere i Meta (Facebook og Instagram), Snapchat og LinkedIn. Når kommunen vel å annonsere gjennom Meta og dei andre plattformene, gjer vi det i tråd med lovverket og tek ikkje i bruk for eksempel Pixel (hos Meta) eller anna datainnhenting.

Ut frå grundig gjennomgang og slik spelereglane er når det gjeld sosiale media no, så vil Ålesund kommune halde fram med å vere på sosiale media. Men vi gjer det ikkje blindt eller fordi “alle andre gjer det”.

Vi meiner det er ein måte å nå mange av innbyggarane våre på som i dag har fleire fordelar enn ulemper. Så må vi følge med på kva som skjer med desse plattformene framover. Det er svært viktig at vi ikkje berre skal nå fram til innbyggarane våre, men at vi når fram på ein trygg måte som også varetek innbyggarane sitt personvern.