Ei av dei største utfordringane for distriktskommunar framover er tilflytting av nye innbyggarar og auke folketalet – helst av unge vaksne. Det er desse innbyggarane som kan halde liv i barnehagane og skulane våre, og ikkje minst gje kommunen grunnlag for inntekter slik at tenestenivået blir oppretthalde.

Då er det framtidsretta å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar som Nordfjordbrua vil gjere i Nordfjord, ved å knyte Stad og Gloppen kommunar nærare saman. God og effektiv infrastruktur er viktig for å få dette til.

Nordfjordbrua vil til dømes gjere pasienttransport mellom Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus enklare og meir effektiv. Det vil også bli enklare å yte tenester på tvers mellom kommunane. Det blir også enklare å rekke flyavgangar frå Sandane lufthamn for reisande frå Nordfjord, og utvikle flyplassen til Nordfjord ytterlegare.

Så blir det brukt som argument at Nordfjordbrua for all del ikkje må kome fordi den vil føre til auka trafikk i form av fleire bilar som vil køyre mange gangar rundt jordkloden ved ekvator. Etter mitt syn er auka trafikk og bruk av brua ein syretest på eit vellykka vegprosjekt. Målsettinga må vere å få ein stor del av denne auka trafikken til å reise kollektivt. Det gjev endå eit intensiv til eit betre kollektivtilbod som Venstre jobbar for!

Ein kan samanlikne Nordfjordbrua med Ålesundstunnelane, og den auka trafikken som er blitt ein realitet der omtala i Sunnmørsposten 16. mars. I dette prosjektet er nettopp eit forsterka kollektivtilbod ein av løysingane i tillegg til nye undersjøiske tunnelar med flatare løp. Eit anna poeng er også at Vigra lufthamn neppe hadde hatt den utviklinga den har hatt utan Ålesundstunnelane.

Økonomisk er Nordfjordbrua eit godt prosjekt der ein kan erstatte ferja med bru som ein fort kan tene inn ved å bruke ferjeavløysingsmidlar. Stad Venstre vil løfte inn ferjeavløysing som tema i Nasjonal Transportplan, også på RV. Miljømessig er teknologien for brubygging på full fart framover, og vil ikkje bidra til eit dårlegare miljørekneskap enn noverande løysing.

Nordfjordbrua skal greiast ut i NTP i komande periode og det er veldig bra. Skryt til Senterpartiet for dette. Når det er sagt går det trått med regjeringa når det gjeld nye infrastrukturprosjekt. Det er få nye vegprosjekt som skal realiserast i vår region i næraste framtid. Realiseringa av Stad skipstunnel går også sakte, og det er stadig nye hindringar som kjem smygande inn frå sida for dette viktige prosjektet.

God infrastruktur er viktig for at fleire innbyggarar skal velje å bu og arbeide i den flotte regionen vår. Så påstanden min er at Nordfjord treng Nordfjordbrua!