Vi kjem ikkje unna det: Grunnlaget for velferd er verdiskaping.

Vi i Senterpartiet vil derfor saman med Ap i regjering legge til rette for at næringslivet skal blomstre i heile landet. Slik vil vi sikre høg verdiskaping og eit sterkt velferdssamfunn for framtida. Vi er allereie i gang med store og viktige satsingar som skal koma næringslivet til gode. Og meir skal kome.

Både Eksportfinans og Innovasjon Norge i Ålesund blir styrka, noko som er fornuftig i ein sterk eksportregion som Sunnmøre. Mandatet til Eksportfinans blir utvida frå å gi garantiar til også å kunne gi lån til eksportretta investeringar. I tillegg får Eksportfinans eit grønare mandat ved at dei kan også kan finansiere klimaprosjekt i Norge som har eksportpotensial. Den lange tradisjonen for eksportretta næring på Sunnmøre kan også bidra til gode løysingar for ei nødvendig grøn omstilling.

Nyleg presenterte næringsminister Jan Christian Vestre ei viktig eksportreform. «Heile Norge eksporterer» er ambisjonen. Der blir det knytt konkrete verkemiddel til regjeringas målsetjing om at Norge skal auke fastlandseksporten med 50 prosent innan 2030.

Eit nytt nasjonalt merkevareprogram, «Made in Norway», vart lansert som ein del av eksportreforma. Dette skal bidra til at næringslivet betre skal kunne utnytte styrken i Norge som merkevare i den internasjonale konkurransen. Det kjem mellom anna ei ordning der næringslivet kan søkje om støtte til inntil halvparten av kostnaden ved å delta på messer og felles næringsfremmande aktivitetar. Dette har vore etterlyst av næringslivet, og det er flott at det no kjem på plass.

Eitt av dei viktige grepa for heile næringslivet blir den jobben vi vil gjera med å forenkle verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge og Siva, og gjera det lettare tilgjengeleg. Vi har allereie etablert «ein veg inn» til verkemiddelapparatet, der bedriftene lett kan orientere seg om kva del av dette apparatet som passar til behova deira.

For alle bedrifter er det at regelverk og byråkrati blir forenkla. Særleg viktig er dette for dei mindre bedriftene. Og det er dei vi har desidert flest av.

Det er forskjell på krisehjelp, som vi må koma opp med etter kvart som tidene skiftar, og langsiktige politiske tiltak. Men store satsingar på å fremme næringsaktivitet i heile landet og å auke eksporten er langsiktige tiltak vil gjera oss betre budd på framtida, både fredstid og nye kriser. Det er bra for verdiskapinga. Og slik sikrar vi det velferdssamfunnet som gjer landet vårt til eit godt land å drive verdiskaping i òg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!