Det har blitt vanskelegare å vere lovlydig torskefiskar. Årsaka er at minstemålet har auka, stod det i Sunnmørsposten fredag 8. mars.

Minstemålet har auka frå 44 cm til 55 cm. Auken er grunngitt med bestandssituasjonen av kysttorsk nord for 62-graden. Det er kritisk for kysttorskbestanden, opplyser Fiskeridirektoratet. Det at kysttorsken har gått tilbake veit alle som har drive fiske, og som har levd ei stund.

Å handtere dei nye reglane kan by på problem. Ta ein som står og fiskar med stong frå ei kai, frå eit svaberg eller frå ein båt. Dersom vedkomande då får ein småtorsk, eller kroppung som vi kallar det, og fisken er under 55 cm, så skal han i prinsippet setjast fri. Den fisken vil nok sikkert klare seg, for det er mykje liv att.

Men kva med dei som fiskar med garn? Maskevidda på eit torskegarn er vanlegvis 6 ¾. Der vil mesteparten av dei som ikkje held minstemål gå gjennom garna.

Hysegarna har mindre maskevidd, vanlegvis 10–11 omfar. Då vil fisk under minstemålet bli sitjande fast.

Alle som har fiska med garn veit at det ikkje alltid er så mykje liv att i den fisken som har stått i garnet over natta. Då kjem spørsmålet: Kva skal ein gjere med den fisken som er død eller nesten død?

Det er ikkje første gong det har vore diskusjon om torsk og freding. Eg var på eit rabaldermøte på Fiskernes hus i Ålesund den 17. februar 2009. Tema var stenging av borgundfjordfisket med garn i gytetida til torsken. Møtet vart arrangert av Sunnmøre Fiskarlag.

Til stades var mellom anna havforskar Kjell Nedreås. Han orienterte om utviklinga av torskebestanden gjennom mange år. Dei hadde tatt prøver, og prøvene viste stor tilbakegang både av kysttorsk og skrei.

Skreien var nesten fråverande på dette tidspunktet. Meiner å hugse at for nokre år sidan så kunne det vere opp til 50 prosent med skrei, og like mykje kysttorsk. Den siste målinga havforskaren viste til var sju prosent skrei.

Ja, rabaldermøte vart det, og forskaren fekk gjennomgå. Eg fekk inntrykk av at alle som hadde ordet var usamde med forskaren, som ville stenge Borgundfjorden for garn i gytetida.

Eg sat der og vrei meg på stolen. Var eg så feig at eg ikkje våga ta ordet? Eg var jo einig med havforskaren. Det verka som han var åleine om å meine at det var fornuftig å stenge.

Då møtet gjekk mot slutten mota eg meg likevel opp til å ta ordet og støtta forskaren. Etter møtet var slutt viste det seg at det var fleire som også var einige med forskaren, men dei torde ikkje å stå fram.

Eg følte at eg hadde litt bakgrunn for å uttale meg, sjølv om eg ikkje hadde fiska i Borgundfjorden så mykje. Første gong eg var der var i 1953. Eg var med ein dekksbåt frå Hareid. Djupna på garna vi brukte på den tida var 35 maskar, og garna var laga av nylontråd.

På den tida kunne fisken stå og gyte over garna, for garna rakk ikkje så høgt i sjøen. I 2009 var garna opp i 250 masker djupe, og når avstanden mellom kvar garnlenke var om lag 20 meter, så hadde ikkje gytetorsken stort rom å bevege seg i før han sat fast i eitt eller anna garn.

Så djupe garn på ein gyteplass var jo galskap!

Eg hadde kontakt med Fiskarlaget, både før og etter møtet, om freding på gyteområdet for torsk i Borgundfjorden. Dei sa at dei var einige i prinsippa om forbod, men at dei visste at det var stor motstand blant medlemmene i fiskarlaget. Difor valde dei å halde seg passive.