Eg ser i avisa (og på nettsida) at det er ynskje om meiningar om bruene i Ålesund skal ha nemninga «bro» eller «bru» som ending, til dømes Hellebroa/Hellebrua.
Skal grensa gå i Nørvasundet?
I heile mi levetid har alle bruer i Ålesund i daglegtale heitt «bro».
Dette gjeld Taftasundbroa, Vegsundbroa, Nørvasundbroa, Steinvågbroa og så bortetter.
Eg er oppvaksen i gamle Borgund kommune, og er derfor ikkje å rekne som nokon erke-ålesundar, men endinga bro har alltid blitt brukt, sjølv for oss som vaks opp med nynorsk tale- og skriftspråk.
Skal ein ta omsyn til den nemninga som folkefleirtalet har brukt heile tida, så må endinga verte «bro» og ikkje «bru».