Styret i Volda mållag meiner at det no er på overtid at BlimE!-songen kjem på nynorsk!

BlimE!-kampanjen har nådd ut til born i skular og barnehagar med ein viktig bodskap: Det er bra å vere vener, å inkludere andre og vere forskjellige saman. I tråd med dette har NRK gjort ein førebiletleg jobb med å stadig inkludere fleire grupper i kampanjen – alt ifrå born som sit i rullestol, til brukarar av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) og ulike språkgrupper. Det er flott at NRK sidan 2020 har laga ei samisk utgåve av BlimE!-songen og på teiknspråk sidan 2017. På same vis er det spanande at BlimE!-kampanjen i 2022 vart spreidd til andre europeiske land, og med det på andre europeiske språk.

Difor tykkjer me at det er leitt at kampanjen har svikta på eit viktig punkt, som særleg rammar dei om lag 70 000 nynorskelevane i grunnskulen og alle barnehageborna som skal bli nynorskelevar: På dei over ti åra som er gått sidan BlimE! starta opp, har ingen av songane vore på nynorsk. Utan at det nok er tiltenkt, gjer det kampanjen mindre inkluderande enn den burde vere. Med at nynorsk til no ikkje har vore brukt i ein BlimE!-song, sender NRK Super eit uheldig signal til nynorskbrukande born, som allereie lever i eit samfunn der språket deira er mindre synleg enn bokmål. Dessutan er det betenkeleg at nynorsk er so fråverande i ein kampanje som er so retta mot skulen – der nynorskelevar har rett til å få materiell og læremiddel på språket sitt.

På den andre sida har NRK Super sjansen til å gje alle norske elevar tilgang til heile det norske språket ved å inkludere nynorsk i BlimE!-kampanjen. Alle born i Noreg bør få møte både nynorsk og bokmål, og for nynorskelevane i mindretal er det ekstra viktig at dei får sjå språket sitt i bruk i kjekke og viktige samanhengar som BlimE! Me meiner at den beste løysinga er at BlimE!-songen kvart fjerde år kjem på nynorsk for alle, og at NRK Super slik bidreg til at NRK når målet om 25 prosent nynorsk. Ei anna god løysing er at songen årleg kjem på både nynorsk og bokmål.

Volda mållag håpar NRK Super gjer BlimE! endå meir inkluderande, og lat nynorskbrukande born få sjå at språket deira får syngast og dansast til i årets BlimE!-kampanje!