Håkon Lykkebø Strand skriv i Sunnmørsposten 19. april at 2022 er eit håplaust tidspunkt å starte innkrevjing av bompengar til bypakken på, og begrunner det m.a. med høge priser på drivstoff, matvarer etc. Akkurat det kan han ha litt rett i, det er vel ikkje slik prisutvikling vi ønskjer oss, nokon av oss. Vidare skriv han at Framstegspartiet har jobba i 10 år for å stoppe bypakken, men der er han nok litt meir upresis. For den historia er ein god del lenger.

Eit viktig tidspunkt er 2007, og kommunevalet den hausten. Bjørn Tømmerdal, som var Høgre sin ordførarkandidat, var det eg vil kalle utviklingsorientert, han var positiv til utvikling og utbygging i byen, og tilsvarande til bompengar for å få dette i gang. Men så vart resultatet slik at Høgre måtte ha med Framstegspartiet for å få makta og ordføraren, og der var kravet det same den gong som i dag: Ingen bompengar.

Høgre valde makt og posisjonar, og dermed vart det åtte år med ørkenvandring for bypakken.

Nå veit ikkje eg om Håkon Lykkebø Strand ville ha sagt at 2007 var eit betre startår for bompengar enn 2022. Det var i alle fall ikkje så høge verken drivstoffprisar eller straumprisar. Men ein ting synest nokså sannsynleg: Hadde vi unngått Framstegspartiet sitt bom-nei i 2007, så ville nok bypakken ha vore ferdig utbygd for lengst. Og bompengeperioden ville har vore i ferd med å ta slutt.

Framstegspartiet sin politikk her i Ålesund på dette området har ikkje gitt oss bomfri utbygging. Det har gitt ingen utbygging.