I fylket prioriterer Høgre, SP og AP å bruke 25 milliardar kroner på Møreaksen, der Sunnmøre og Nordmøre fint skal få betale storparten av gildet.

Tofeltsveg med midtdelar i Brusdalen er det Sunnmøre får, medan firefeltsveg over Romsdalsfjorden blir i hovudsak betalt av Sunnmøre og Nordmøre.

I Ålesund køyrer SP og AP med god hjelp av Høgre kommunen utfor stupet, og meir skakkøyrd og vanstyre av ei kommune skal ein leite lenge etter.

I fylket diltar Høgre etter fleirtalet og samarbeider med Rødt, MDG og resten av raudingane, likeins i Ålesund og er såleis medansvarleg for greinaløysa og vanstyret av Ålesund.

Fem av alt, fem av alle funksjonar utan evne til å rasjonalisere innan administrasjonen etter samanslåinga av kommunane er fasiten i Ålesund.

Dette skal no gå ut over helse og dei eldre i Ålesund, samtidig som Høgre, SP, AP, KrF og Venstre har råda til å bruke fleire hundre millionar kroner på bypakke, sykkelkoordinator og sende 3,2 milliardar kroner i bompengar til sine innbyggjarar.

Greinaløyse? Ja, og direkte løftebrot av Høgre spesielt, som igjen beviser at dei berre er ein del av dei «ryst/raude» her i fylket, mest opptatt av Møreaksen og gjev blaffen i dei eldre og vanlege folk sine behov for viktige tenester.

FrP krev bypakken skrota, Ålesund må bruke dei mange hundre millionane til bompengepakke i staden for på helse og dei eldre og lovpålagde tenester i byen.

Administrasjon må rasjonaliserast, og her er nok å ta av i eit byråkratisk regime med fem av alt etter samanslåinga av dei fem kommunane.

Det er DITT val den 13. september kven som skal representere folket her i fylket på Stortinget.

Stem FrP, vi lyttar til folket og er DIN ombodskvinne og mann på Stortinget.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!