Så snart resultatet av folkerøystinga var klar, stod jubelen i taket for dei aller fleste haramsborgarar. Det er tend håp om å skape ei framtid i nye Haram, der lokaldemokratiet blir ståande sterkt igjen.

No ligg skjebnen i kommunestyret sine hender. Om det ikkje blir lytta til folkemeininga denne gongen, er eg redd det blir oppfatta som eit endå sterkare overgrep enn då regjeringa tvang Haram inn i storkommunen. Likeins vil det skape politikarforakt og endå meir demotiverte innbyggarar i Haram.

Dei fleste som driv lagbygging veit at tvang ikkje er måten å gjennomføre ting på dersom ein skal skape vinnarlag. Tvang gir verken motivasjon eller samhald, og gjer det vanskeleg å arbeide mot felles mål.

Eg er ikkje i tvil om at det beste for både Haram og Ålesund kommune er ei snarleg skilsmisse.

Usmakleg

Eg vil også kommentere initiativet frå ei gruppe personar i Vatne/Tennfjord-området, med sterke særinteresser for å halde fram i Ålesund kommune. Umiddelbart etter at valresultatet var klart, gjekk denne gruppa i gong med å samle inn underskrifter for å krevje grensejustering for Tennfjord, Vatne, Søvik og Grytastranda – då dei hevda at «fleirtalet vil det». I underskriftskampanjen dei oppretta på Facebook seier dei at dei «respekterer fleirtalsvedtaket». Men eit slikt initiativ tyder på alt anna.

I eit demokrati er det fleirtalet som bestemmer, og dei som er i mindretal må rette seg etter det fleirtalet vil. At ei gruppe personar opptrer på ein slik måte, er høgst kritikkverdig. Ikkje berre er det respektlaust overfor demokratiet, men det er også med på å skape splid innad i bygdene.

«Fleirtalet» av stemmer som denne gruppa refererer til er berre basert på stemmer som vart avgitt i krinsane på sjølve valdagen. Dei 644 førehandsstemmene frå Tennfjord/Vatne og Grytastranda/Søvik-området, er ikkje teke høgde for. Og når vi veit at 87 prosent av dei som førehandsrøysta stemde for reversering, så er det etter alt å døme fleirtal for reversering i alle krinsane.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!