Men konsekvensen av rabalderet på generalforsamlinga tysdag 6. juni kan fort bli at styret trekker seg. Og kva anna har dei då oppnådd enn å torpedere selskapet – og dermed også sørsideutviklinga? Det vil i så fall bli langt dyrare for Ålesund enn dei kutta i styrehonorar som firkløveret no gjer seg til talsmenn for.

Innleggsforfattaren meiner at styreleiar Eva Hansen (bildet) i Sørsida Utvikling AS får behalde sitt noverande styrehonorar. Foto: Nils Harald Ånstad

Sørsida Utvikling AS, eit heileigd selskap av Ålesund kommune, er i dialog med interessentar som vil etablere bustader og store verksemder på Sørsida. Kommunedirektøren sa seinare i formannskapet sitt møte at han har vore i dialog med ein ny aktør som vurderer å legge 400 arbeidsplassar til sørsida. Utfordringa er å finne ei god og langsiktig tilpassing til cruisenæringa – som også er ei viktig næring for Ålesund. Det er i dette landskapet vi treng Sørsida Utvikling AS til å utvikle den nye bydelen. Alle forstår at dette ikkje er enkelt.

Styreleiar Eva Hagen er mellom dei beste i sitt felt. Å misse henne som styreleiar i Sørsida Utvikling AS vil sette byutviklinga i Ålesund på spel. Så kan kanskje nokon meine at ho må klare seg med same styrehonorar som vår lokale styreleiar i Ålesund kommunale eigedom. Men slik er ikkje verda. Eva Hagen er partnar i advokatfirmaet Ræder AS i Oslo som prisar sine tenester i ein marknad. Hennar kompetanse kjem Sørsida Utvikling til gode, og ho leier andre tilsvarande selskap til same pris.

Eg meiner utspelet frå firkløveret er lite framtidsretta. Ålesund klarer seg ikkje åleine. Vi er heilt avhengig av impulsar utanfrå for å løfte oss og finne nye vegar for framtida. Sørsida Utvikling med Eva Hagen i spissen er ein viktig impuls på sitt felt. Vi treng fleire slike impulsar utanfrå.