Som hovudtillitsvalt i Fagforbundet for Ålesund og Volda sjukhus er eg alvorleg uroa over konsekvensane ved at Helse-Midt overprøver eit einstemming vedtaket som styret i Helse Møre og Romsdal gjorde om å utsette iverksettinga av Helseplattforma. Styret i Helse-Midt vel å sjå vekk i frå desse åtvaringane. Kan vi ha tillit til ein regional administrerande direktør som overprøver lokale vedtak?

Vedtaket i Helse Møre og Romsdal var basert på omfattande vurderingar der ei totalvurderinga av pasienttryggleiken og forsvarleg drift var avgjerande for at ein ikkje kunne fylgje vedtatt plan for innføring. Administrerande direktør i Helse-Midt vel å sjå vekk i frå desse alvorlege åtvaringane frå eit einstemming styret fordi han vil fylgje plan for innføringa av Helseplattformen.

Eit IT-system som ikkje fungerer etter intensjonen, og som svært få har tillit til lenger. Administrerande direktør sitt forslag til vedtak er heller ikkje drøfta med konserntillitsvalte og konsernvernombod noko som er i strid med Hovudavtalen og berer preg av manglande medverknad.

Vi har no både ein føretaksmodell og eit IT-system som ikkje fungerer, men som vert implementert med høg grad av kontroll og makt.

Helseministeren må no på banen og rydde opp. Regjeringa har vedteke ei tillitsreform i all offentleg sektor og det er difor uhørt å ha ein føretaksmodell der ein regional administrerande direktør kan vise mistillit til lokale føretaksstyre. Skrot både føretaksmodellen og Helseplattformen før vi mister fleire tilsette og pasientar!