Det følgjer av nasjonalbudsjett for 2022–2023 at hovudprioriteringane for 2023 er at: «Regjeringen vil utjevne geografiske og sosiale forskjeller. Da må vi fordele bedre». Dette høyrest heilt fenomenalt ut, men vi som bur på Vestlandet har ikkje sett noko teikn til forbetring. Tvert imot ser vi teikn til ytterlegare forverringar djupare og djupare inni regjeringsperioden.

Torsdag 11. mai kom beskjeden om at Stad skipstunnel blir sett på vent gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2022. Det har vore tallause sjøulykker utanfor kysten av Stadlandet gjennom historia. Farane ved Stadhavet blei allereie anerkjend av vikingane som drog båtane sine over Dragseidet i staden for å segle rundt.

Skipstunnelen bidreg til tryggare arbeidsforhold for sjøfolk, raskare eksport og vi som nasjon får vist vår innovative ekspertise. Dagens skip er heilt klart tryggare enn dei var når farane først vart oppdaga, men sjøen er framleis eit uføreseieleg element, som vi må ta omsyn til. Når teknologien og kompetansen er tilstrekkeleg for å gjere det sikrare for sjøfolk, så ser vi ikkje kva som stoppar oss. Pengane er der, det ser vi når 31,5 milliardar av samferdselsbudsjett som er på 82,2 milliardar går til jernbaneformål. Ei ytterlegare auking på 2,2 milliardar for å realisere Stad skipstunnel frå samferdselsbudsjettet er i grunnen ganske lite, for ei slik investering. Dette viser berre at det handlar om prioriteringar òg at kystfolket og den viktige maritime næringa ikkje er ein del av regjeringa sine prioriteringar.

Ifølgje SINTEF Ocean er det anslått 906 milliardar kroner i verdiskaping for heile den maritime næringa i 2050. Dette viser at denne næringa absolutt er i vekst, ettersom talet var på 154 milliardar i verdiskaping for heile den maritime næringa i 2020. Oppdrettsnæringa skal moglegvis også femdoblast innan 2050 for å imøtekome framtidas matbehov. Dermed kan det signalet som regjeringa sender ut ved å setje Stad Skipstunnel-prosjektet på vent, tolkast som at dei ikkje er opptekne av å investere i denne viktige- og veksande næringa.

Vi såg allereie i desember at Møre og Romsdal- og Vestland fylke ikkje blir prioriterte når «ekspertutvalet» dei introduserte det nye inntektssystemet. Etter stor misnøye frå kommunane i Møre og Romsdal valde regjeringa å droppe ferjekutt-forslaget på torsdag.

Ferja er på mange måtar ein veg for oss som bur i Møre og Romsdal som består av mange øyar. Ferjedrifta var allereie underfinansiert med over 200 millionar kroner òg leiaren for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim legg ikkje skjul på at det framleis kan bli kutt i kollektivtilbodet. Dersom regjeringa verkeleg meiner at dei vil utjamne geografiske forskjellar, så burde dei føre ein langt betre finanspolitikk.

Pengane er der, men om regjeringa vil at hovudprioriteringane deira ikkje berre skal vere ei fengande temasetning, så må dei gjere som dei skriv òg fordele betre.

NB! Siste del av denne teksten hadde falle ut ved publisering. Full tekst blei publisert 31. mai kl. 15.32. Red.