Eit hypotetisk scenario som kanskje kan forklare kvifor Putin starta denne krigen: I staden for Sovjetunionen, var det USA sine statar som fekk gå ut av unionen etter den kalde krigen. Etter kvart blir tilhøvet mellom dei utmelde statane og rest-USA så dårleg at dei begynner å samarbeide også militært med andre stormakter som er sett på som USA sine fiendar. Det blir oppretta militærbasar med rakettinstallasjonar som inkluderer atomvåpen rundt grensa til rest-USA som no har blitt ei degradert supermakt. Ein kandidat som har programfesta «To make USA great again» vinn valet.

Kva trur dokke hadde skjedd? Med tilbakeblikk på den mislykka invasjonen på Cuba og Cuba-krisa i 1962, som truleg medførte den største faren for atomkrig til no, bør nokon kjapt trå til med eit kløktig fredsdiplomati.

Audmjuking av heile nasjonar på grunn av at dei har leiarar som ikkje bryr seg om reglar for god oppførsel i verda, vil sjeldan føre noko positivt med seg.

Det er eit paradoks at dei som roper høgast sjølve har mykje blod på hendene frå nylege krigar.

Vi har i minne dei forferdelege resultata av korleis ein liten kar med bart spela sterkt på korleis Tyskland vart handsama etter 1. verdskrig. Denne invasjonen må sjølvsagt fordømmast på det sterkaste, men det er eit paradoks at dei som roper høgast sjølve har mykje blod på hendene frå nylege krigar (i m.a. Afghanistan, Libya og Irak) som truleg har vore minst like brutale og meiningslause. Dette gjeld også dessverre våre eigne leiarar som ikkje ser ut til å ha lært noko av dei mislykka og brutale krigane i Libya og Afghanistan som Norge har delteke i.

Desperate leiarar med tilgang til atomknappar, anten dei bor i Russland, USA eller andre atommakter, bør ikkje trengast opp i eit hjørne slik at dei startar «siste verdskrigen». Vi får håpe at det dukkar opp ein kløktig fredsmeklar før det er for seint.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!