Ei spennande, lærerik og intens tid med mange opp og nedturar nærmar seg slutt. I morgon er dagen då kommunestyre skal behandle saka om lausrivinga av Haram. Dei skal også behandle vårt initiativ om justering av grensene til eit nytt Haram som gjer at Søvik/Grytastranda og Vatne/Tennfjord kan bli verande i Ålesund.

Om det skulle bli ei lausriving av Haram, både med eller utan dei nemnde kretsane, ser på eg dette som eit kraftig skot for baugen for heile regionen. At det som no ser ut som eit spontant «stunt» i valkampen til Senterpartiet for å komme i regjering, er det som kan splitte opp Ålesund regionkommune følast for meg som nærmast uverkeleg. HUAÅ er ein organisasjon med store økonomiske ressursar som også har fått støtte frå fleire av dei som er folkevalde frå gamle Haram. Eit av HUAÅ sine hovudargument er at «lokaldemokratiet skal heim». Dette populistiske utsegna har enkelte haramspolitikarar som set i dagens Ålesund kommunestyre, og også vår eigen varaordførar paradoksalt nok stilt seg bak.

Disse folkevalde har stilt seg bak ein organisasjon som bevisst har sådd tvil om kvar einaste utfordring som blir påpeikt at nye Haram vil få, dei har også stilt seg bak måten kunnskapsgrunnlaget har blitt omtala. Det som skulle gi veljarane eit innsyn i den økonomiske framtida til nye Haram, levert frå eit uavhengig byrå, blei allereie på første dag stempla av dei folkevalde som «Erna Solberg-politikk».

HUAÅ var ikkje dårlegare og annonserte at den ikkje kunne brukast som kunnskapsgrunnlag grunna at den var einsidig og hadde faktafeil. Det hjelpte nok også godt at ein tidlegare økonomisjef i Haram stilte opp og annonserte at grunnen til at den økonomiske framskrivinga av nye Haram var så negativ var grunna «metodefeil». Her fikk svært mange av veljarane servert akkurat det dei ønska seg, nemleg at situasjonen i Ålesund er forferdeleg dårleg og situasjonen i eit nytt Haram vil bli veldig mykje betre med god økonomi, lågare skattar og avgifter og dei kutta lærarane tilbake i klasserommet.

Korleis dette gjekk det veit vi, 8 av 10 i valkrinsen Brattvåg, Hildre og Helland trur ifølge opinionsundersøkinga at økonomien i nye Haram blir betre enn den er i Ålesund, situasjonen for gamle Haram under eitt er litt betre: 6 av 10 trur økonomien blir betre. Dette er likevel beviseleg feil, men med ei slik forståing av økonomien er det ikkje så rart at valresultatet blei som det blei. «It’s the economy, stupid.» Er eit velkjent ordtak som passar seg godt her. Men for innbyggarane i nye Haram er det ikkje omval for denne saka om 4 år. Veljarane har inga moglegheit til å angre på overfor dei politikarane som har skrive ut sjekkar dei veit at dei ikkje har dekning for – berre for å få att Haram som eiga kommune.

Det var Ålesund som fikk pressa gjennom Nordøyvegen, det blir Ålesund som realiserer skulen vår på Eidet (forhåpentlegvis) og det er Ålesund som skal utvide skulen på Haramsøy, alt dette sjølv om fokuset har vore på nedskjeringar for å få økonomien på rett kjøl. Tusen takk for dette, heile Ålesund! Eg håper for ungane mine sin del, for heile Ålesund sin del og heile regionen sin del at det ikkje blir nokon lausriving. Eg håper for alle oss som bur i Søvik/Grytastranda og Vatne/Tennfjord at om det blir fleirtal for lausriving, fordi politikarane vil «følge folkerøystinga» og ikkje heilskapen. Så blir også våre stemmer på folkerøystinga også høyrt, slik at nemnde kretsar som har sagt dei framleis ønsker å vere i Ålesund også får bli det, og ikkje blir «ofra» for å gjere Haram til ei betre kommune enn kva folkerøystinga skulle tilseie.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!