Dette er ei demensavdeling som har vorte bygd opp dei siste fem-seks åra og som fungerer utruleg godt. No skal desse 11 demenspasientane flyttast ein etasje ned … over tid. Kompetansen skal følgje pasientane vert det sagt. Kor lang tid det vil ta er også svært uvisst. Korleis greie å gje demenspasientane eit like trygt og godt tilbod i endringsfasen? Tilbodet må då nødvendigvis verte forringa, sidan kompetansen då over tid også vert «spreidd».

Vil mor mi vere så heldig at dei som kjenner ho og greier å lese hennar behov, vil vere med ho heile vegen? Eit viktig moment er også at menneske med demens taklar uro og endringar dårleg. Dei skjønar ikkje kva som skjer eller kvifor det skjer. Det vil i alle fall ikkje virke positivt på livskvalitet og sjukdomsutvikling.

På Eidet omsorgssenter er det i dag to avdelingar i andre etasje, to avdelingar i tredje etasje og ei i fjerde etasje (demensavdeling). No skal fjerde etasje stengast ned og dei svakaste, mest sårbare pasientane som ikkje kan take si eiga sak, skal flyttast. Mine spørsmål er: Kvifor ikkje avvikle eine avdelinga i tredje etasje i staden? Vil det ikkje vere lettare seinare å opne opp ei avdeling som ikkje er i bruk i staden for å måtte opne ein heilt avstengt etasje? Om ein treng eit ekstra rom ei stund er det vel lettare å gå inn i den andre avdelinga, enn å gå opp/ned ein etasje?

Eg skjønar at det er økonomiske utfordringar ved oppstart av nye Haram kommune. Men eg skjønar ikkje dei vala som er gjort. Kommunen har heller ikkje forklart kvifor akkurat denne løysinga vart valt? Pårørande fekk berre vite at dette var bestemt. Kvifor er dette den beste løysinga og for kven er det den beste løysinga? Eg vil hevde at det i alle fall ikkje er den beste løysinga for pasientane i fjerde etasje.

Kommunen veit også at det i dei næraste ti åra vil verte ein stor auke i tal på eldre mellom 80 og 89 år, og at det stadig vert fleire og fleire eldre med demens. Demens råkar også yngre menneske, gjerne ti til tjue år før ein vert åtti.

Med dette som bakteppe skjønar eg endå mindre at eit godt fungerande tilbod skal avviklast og i staden flyttast og byggast opp på nytt. Greier kommunen å halde på kompetansen? Vil dei tilsette ønskje å vere med på prosessen? Ønskjer dei å vere med på å bygge opp ei ny avdeling etter nettopp å ha gjort det i fem-seks år? Kva om fleire søkjer seg bort til andre stadar med eksisterande demenstilbod?

Eg får vondt i magen med tanke på det som no skal skje. Eg håper heile tida eg skal vakne og oppdage at det berre var eit mareritt.

Til dykk som faktisk sit med makta og tek avgjerder, det er enno ikkje for seint å ombestemme seg. Hint: Haram inn i Ålesund og Haram ut av Ålesund.

Sunnmørspostens redaksjon kjenner identiteten til skribenten.