Regjeringa går i forslaget til endringar i barnehagelova til angrep på foreldra si rett til sjølv å velje kva barnehage barna deira skal gå i. Dei vil at kommunane skal kunne redusere talet på plassar i private barnehagar kvart tiande år. Dette endringsforslaget trugar foreldre si rett til å velje det beste tilbodet for sine barn og set mangfaldet i barnehagesektoren i fare.

Som styrar i foreldreeigde Tusenfryd barnehage i Stranda har eg engasjert meg mot framlegget frå Ap/Sp-regjeringa, og styret for barnehagen har sendt eit høyringssvar om saka. Her peiker vi på at Tusenfryd barnehage har vore ein viktig aktør i kommunen sidan 1995. Vi har alltid vore stolte over å vere ein del av eit variert barnehagetilbod som foreldre har vore nøgde med. I dag er vi den største barnehagen i Stranda, noko som understrekar kor nøgde foreldra er med tilbodet vårt.

Vår erfaring og engasjement i barnehagesektoren gir oss ei relevant røyst i diskusjonen om framtida til norske barnehagar.

Dei siste åra har barnehagesektoren gått gjennom viktige endringar, inkludert innføringa av bemannings- og pedagognormer, samt auka transparens. Vi anerkjenner regjeringa si vilje til å styrkje barnehagesektoren. Likevel meiner vi at den norske barnehagemodellen har vore vellykka for både kommunane og barnehagane.

Konkurranse mellom barnehagar, både private og kommunale, har bidrege til å heve kvaliteten på tenestene som blir tilbydd. Private, ideelle barnehagar som Tusenfryd kan berre overleve dersom vi leverer kvalitetstenester som møter foreldre sine ønskje.

Vi fryktar at regjeringa sine føreslåtte endringar kan vere svært øydeleggjande for heile barnehagesektoren. Særleg varselet om reduksjon av plassar uavhengig av etterspurnad er urovekkande. Det truar mangfaldet og retten til å velje den beste barnehagen for eit barn.

Vi er opne for kommunale vilkår ved etableringsgodkjenning av private barnehagar, men vi håpar at slike vilkår vil bidra til å styrkje mangfaldet og kvaliteten i barnehagesektoren, heller enn å innskrenke valfridomen til foreldre.

Endringar i barnehagesektoren må tenkast nøye gjennom for å sikre at dei ikkje underminerer viktige foreldrerettar og mangfaldet som har vore kjenneteikna for den norske barnehagesektoren.

Det er likevel usikkert om Støre-regjeringa vil lytte til våre bekymringar i denne viktige saka. Difor er eg som fersk kommunepolitikar glad for at Høgre på Stortinget, saman med Venstre og KrF, har skrive ei omfattande utgreiing som går imot angrepet på foreldra sin valfridom. Det gir von om at mangfaldet i barnehagesektoren vert sikra etter eit skifte av regjering i 2025.