Ein kommune delt i to geografiske einingar med ein annan kommune i mellom seg, slik stoda er i dag, er eit lite godt utgangspunkt for å utvikle tillit, fellesskap og samhald. Det ligg heller an til ei oppleving av vi og dei. Storleiken på dei samanslegne kommunane målt i folketal gjer det heller ikkje enklare. Ved utgangen av 2019 var folketalet i Vågsøy 6049 og i Flora om lag 12000.

I den nylege folkerøystinga om Kinn skal bestå eller ikkje, var det relativt tydelege svaret frå folket i nord at dei ikkje ser den gjeldande kommunekonstruksjonen som noko å satse på. Difor vil det truleg vere politisk klokt av kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik frå SP å byggje vidare på partiets offensive retorikk frå stortingsvalkampen i fjor om å lytte til folk der dei bur, når han og regjeringa i desse dagar skal ta stilling til Kinn sin vidare lagnad.

Det bør difor vere grunn til å tru at den pågåande prosessen vil ende med at noverande Kinn kommune igjen vert Flora og Vågsøy kommunar, i iallfall inntil eventuelt Bremanger ynskjer å bli med. I eit slikt tilfelle vil kommunen stå fram som meir framtidsretta og balansert med større potensial for å utvikle seg til ein "vi-kommune".