Ei ny regjering med ambisjonar om offensiv distriktspolitikk, kunne knapt ha overtatt på eit betre tidspunkt enn hausten 2021. Distriktsnæringslivet går så det susar. Fiberutbygginga nærmar seg 100 prosent. Digitaliseringa gjer offentlege tenester enklare tilgjengelege og meir likeverdige i by og bygd enn nokon gong før. Pandemien har gjort at arbeidsplassar og utdanning er digitalisert «over natta». Store bedrifter lar folk flytte ut frå storbyen og fjernjobbe frå nye arbeidsfellesskap på bygda og i småbyar.

Ja, til og med den politiske «oppskriftsboka» låg klar. Regjeringa Solberg fekk laga to rapportar som teiknar opp framtidas distriktspolitikk og er stappfulle av konkrete forslag: NOU 2020:15 «Det handler om Norge», leia av Victor Norman og NOU 2020:12: «Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn», leia av Svein R. Brandtzæg. I Hurdalsplattformen vart følgjande lovnad gitt: «Regjeringen vil legge fram en melding for Stortinget om distriktspolitikk, der anbefalinger gitt av Norman- og Brandtzæg-utvalgene blir fulgt opp.»

Resultatet etter 100 dagar med Ap/Sp-regjering ser så langt ut til å bli det motsette. Det einaste distriktspolitiske grepet den nye regjeringa har kasta seg over med entusiasme, er reversering.

Dei kulturforskjellane som eventuelt finst mellom folk i by og bygd, dei er det vår jobb å byggje ned.

Regionreforma skal reverserast før han eigentleg har fått starte, fordi det er så store «kulturforskjellar» mellom dei gamle fylka. Domstolsreforma skal reverserast, sjølv om det er ein reform der alle rettsstadar i landet er sikra, aktiviteten på dei små rettsstadane har auka og dei tilsette har fått breiare faglege fellesskap og større register å spele på.

Samtidig blir gamle stereotypiar om skilnaden mellom by og bygd, Noreg og Europa, nørt opp under. Sp-statsrådar blir stadig tatt med buksene nede i å skulde på EU/EØS for eigen manglande evne til å få gjort politiske grep. Senterpartiets intense kamp mot betre dyrevelferd i landbruket blir overkøyrt av ein nær samla opposisjon på Stortinget. Når Senterpartiets Jenny Klinge trampar inn i debatten om eit tredje kjønn, med skyhøge tal på sjølvmordsforsøk og mobbing av transpersonar som bakteppe, er det med følgjande argument: «Det er kua som kalver – uansett kva oksen måtte føle seg som. (..) Eg er oppvaksen på et småbruk, det er naturleg for meg å tenke dyreverda og natur.» (NRK Debatten, 26/1-22).

Summen av dette er alvorleg for distrikts-Noreg. Som MDG-politikar Øyvind Strømmen frå Samnanger så ypparleg seier: «Dersom norsk politikk vert redusert til ein slags interessekamp mellom by og land, ja, så er det fort vi på landsbygda som kjem til å tape. (…) Når me snakkar skit om folk i byen, er det kanskje ikkje så rart om ungdomen som har flytta dit vert verande?» (Nationen, 23/1-22).

No må alarmen gå for alle som ønskjer eit distrikts-Noreg i utvikling. Dei kulturforskjellane som eventuelt finst mellom folk i by og bygd, dei er det vår jobb å byggje ned. Ikkje å dyrke og forsterke ved å splitte opp landet mest mogleg, og gje den fæle verda rundt oss skulda for alt som er gale. Det siste distrikts-Noreg treng no, er meir oppsplitting, meir skepsis mot naboen og meir frykt for verda rundt oss.

La heller folk frå storbyen som ønskjer det fridom til å flytte ut til eit moderne distrikts-Noreg med opne samfunn og større fagmiljø enn før. La tilsette i statsetatar i Oslo få flytterett til eigen jobb og prøve ut livet i distrikts-Noreg. Skyt fart i digitalisering og breibandutbygging. Sørg for å riste i ein konservativ universitets- og høgskulesektor for at dei skal desentralisere sine tilbod.

Distrikts-Noreg si framtid er lys – dersom vi spelar på lag med verda rundt oss.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!