Det som står att etter mitt syn er at ektemannen Sindre Finnes ikkje har gjort noko gale. Erna Solberg har gjort det ho skulle i saka både no og den tida ho var statsminister.

Likevel held det meste av pressa fram med å presentere spekulasjonar som skal vise at dei lyg, begge to.

Han tente berre 250.000 kroner på fem år. Det er truleg 2 til 4 prosent i året, ikkje meir enn han kunne fått i banken.

Som statsminister visste ikkje Erna Solberg at mannen hadde aksjar som gjorde ho ugild. Så lenge ho ikkje kjende til kva for aksjar mannen eigde, kunne hans eigarskap og hennar eventuelle inhabilitet heller ikkje ha påverka statsministeren sine vurderingar.

For å vere ugild må Solberg ha kunnskap slik at ho kan gjere vedtak som er til fordel for Finnes.

Det vert også vist til at statsministeren har det totale ansvaret. Ja, statsministeren har ansvar for dei han har mynde over, dvs. alle som arbeider eller er tilknytt statsapparatet og statlege selskap. Men ho har ikkje, som statsminister, ansvar for kva ektemannen gjer.

Å samanlikne dette med Kings Bay-ulukka og det som skjedde der er heilt feil. Sindre Finnes er ikkje tilsett i staten eller eit statleg selskap.

Erna Solberg gjorde det ho skulle då ho var statsminister. Ho spurde Sindre Finnes om kva aksjar han hadde og sikra seg at han ikkje hadde ulovlege aksjar.

No er det på tide at nokon tar tak i «Den fjerde statsmakt». Det er vel og bra at media dreg fram ugildskap og anna ulovlegheiter mellom dei som styret landet, men dei kan ikkje ha lov til å halde fram å døme uskyldige utan å måtte ta ansvar for det. Slik det er no kan dei sjonglere med sanninga ved å fortelje oss dei delane av sanninga som passar deira meining og setje fram ei masse påstandar på ein slik måte at folk trur at det er sant.

Ei stund kalla vi dette for «Fake News».

Media, og særleg NRK, driv politikk i stor skala. Har dei lov til det? Nei, dei skal fortelje oss kva som skjer og verken meir eller mindre. Dei er langt ifrå valt av folket til å styre landet. Men det er det dei prøver på. Når skal nokon med makt ta tak i dette?