Tonje Brenna, tidlegare kunnskapsminister, no arbeids- og inkluderingsminister med ansvar for NAV, verkar å vere totalt kunnskapslaus når det gjeld alvoret mange pensjonistar, einslege og småbarnsfamiliar står i. Eller er det total mangel på empati, eller på vilje til å ta innover seg situasjonen?

Matkøane veks i rekordfart og hjelpeorganisasjonane må sende folk heim tomhendte fordi dei ikkje har nok mat. Dette er ein ny situasjon, og det skjer i eit av verdas rikaste land. Barnefattigdommen når nye høgder og mange foreldre må velje mellom mat på bordet eller julegåver til barna sine, i det som for fleire og fleire har blitt ei svært krevjande og vanskeleg julehøgtid.

Dette er vondt å tenke på sidan jula, som er lyset og gleda si høgtid, ser mørkare og vondare ut enn på mange år, for veldig mange. Samstundes går politikarane våre frå julebord til julebord og «meskar» seg med den finaste julematen.

Min påstand er at det er tøffare å vere fattig i eit rikt land, for i eit rikt land blir kontrastane så ekstremt store mellom fattig og rik. Det som også er raude blinkande lys for meg, og burde absolutt vere det for politikarane, er at arbeidsløysa er lav, samstundes som fattigdommen aukar. Det betyr at folk ikkje lenger greier å forsørgje familiane sine sjølv om dei er i arbeid. Dermed fell den gammaldagse og innlærte parolen til Brenna, om at «alle i arbeid» er løysinga, til steingrunn.

Når renta stig i rekordfart, matvareprisane, straumprisane og drivstoffprisane går til himmels, hjelp det lite å vere i jobb når lønna ikkje held tritt med kostnadsauken. For dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet er situasjonen i mange tilfelle dramatisk.

Kvifor må menneske i rike Noreg legge seg svoltne og kalde, og trur du verkeleg at folk står i matkø for moro skuld, eller for å utnytte ein situasjon som er i utgangspunktet er tabubelagt, Tonje Brenna? Om det er situasjonen, bør du komme deg ut av regjeringsbygget og stille deg i nærmaste matkø saman med vanlege folk, og kjenne på ubehaget ved å stå der og fryse i fleire timar. Forskjellen er at du i motsetnad til dei andre som står der kan dra heim til eit velfylt kjøleskap og ein varm pendlarbustad, sponsa av statsministeren sitt kontor på Oslo sin beste vestkant. Det bør du ta med i rekneskapen.

Eg ønsker meg ingenting til jul fordi eg har både mat på bordet og varme i huset. Men kjære politikarar i Storting og regjering, vis at de bryr dykk om dei svakaste i samfunnet, ikkje berre i festtalar, men også i praksis, og sørg for at dei som slit med å få endane til å møtast også kan glede seg til jul!