I avisreferat frå gondolmøtet på «Usikten» i Devoldfabrikken 18. januar er det referert innlegg som tyder på mangelfull kjennskap eller vilje til å respektere Statsforvaltaren si rolle.

Ein kan få inntrykk av at Statsforvaltaren er ein klamp om foten, som driv med utidig innblanding i det kommunale sjølvstyret.

På nettsidene til Statsforvaltaren finn vi at Statsforvaltaren er Kongens og Regjeringas representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa.

Mellom anna er Statsforvaltaren dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Og Statsforvaltaren er klageinstans for kommunale vedtak og tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.

Heller enn å sjå på Statsforvaltar som ein motstandar, kan ein sjå på Statsforvaltar som ein god støttespelar for det kommunale sjølvstyret, som har ei viktig rådgivar- og kontrollrolle overfor kommunane, og som sikrar rettstryggleiken til enkeltindivid, næringsliv med fleire i kommunane. Dette gjeld mellom anna saker innan plan- og bygningslova.

Gjennom mine mange år i teneste for Sula kommune, først som administrasjonssjef 1977-87, seinare som medlem av kommunestyret i 12 år, har eg sett på Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) både som inspirator og rettleiar i arbeidet for gode vedtak til beste for alt som kommunen har ansvar for.

Om motsegn står det blant anna i informasjonen frå Statsforvaltaren at statlege og regionale organ kan fremje motsegn (innvending) mot kommunale planar som er i strid med nasjonale eller regionale interesser. Statsforvaltaren grip inn i kommunal arealforvaltning ved å varsle eller fremje motsegn. Når det ligg føre ei motsegn til eit planforslag, kan ikkje kommunen vedta planen.

Gondolsaka med sine mange sider er truleg den vanskelegaste og mest splittande saka Sula kommune har hatt. Det er ulike syn i saka. Men dette bør begge sider vere samde om: Alle sider ved saka bør grundig utgreiast og vurderast også i kommunen, først av kommunedirektør, så av kommunepolitikarane. Dette er eit stort arbeid.

Det er tillitvekkande at den nye kommunedirektøren ber om meir tid før saka kan leggast fram for politikarane. Og politikarane pliktar som folket sine valde representantar å setje seg inn i alle sider ved saka, basert på tiltakshavar sine planar, alle høyringsfråsegner og motsegner og kommunedirektøren si saksutgreiing.