Ottar Grepstad har utfordra meg på fleire spørsmål etter mitt innlegg i Sunnmørsposten 5. august. Høgre sitt standpunkt er tydeleg og klart – vi ønskjer at Nye Ålesund kommune skal vere språknøytral. Det er ikkje på nokon måte eit angrep på verken det eine eller andre skriftspråket. Dei som nyttar nynorsk gjer det, og dei som nyttar bokmål gjer det.
Eg skal ta dei spørsmåla Grepstad tek opp kort og kronologisk.
Når eg skriv at dei to målformene skal vere sidestilt er det ikkje i dette lagt at kommunen skal føre oversikt over kor mange dokument som er av det eine eller andre målformer for å oppnå 50 prosent av begge. At dei to målformene er sidestilt betyr at dei er jamgod, akkurat slik dagens Ålesund kommune praktiserer sin språknøytralitet. Nokre av dokumenta er skrive på bokmål, og nokre er skrive på nynorsk. Det er opp til den einskilde tilsette å vurdere dette sjølv.
« Tennfjord argumenterer for språkleg nøytralitet – dette er hule argument»
«La nye Ålesund bli eit kraftsentrum for nynorsken i landet vårt»
«Er det ikkje på tide at Høgre moderniserer sin eigen språkpolitikk også?»
«Mener dere fortsatt at Nye Ålesund skal bli landets største nynorskkommune?»
«Er det ikkje på tide at Høgre moderniserer sin eigen språkpolitikk også?»
Eg skriv nynorsk og er stolt av det, men eg trur ikkje eg gjer nynorsken ei teneste om eg skal tvinge alle tilsette å nytte det, og innbyggjarar å lese det i alle dokument dei får frå kommunen.
Godt val!
Ti spørsmål og svar om nye Ålesund
Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.