Det er med stor undring vi kan lese i Møre-Nytt at byggjeleiar Jan Georg Fossheim i Statens vegvesen hevdar at stolar/benkar som har armlener på er særskilt utsette for hærverk. Kva slags kartlegging denne påstanden er henta frå, er ukjent for oss.

Folk blir oppmoda om å nytte seg av offentleg transport, og sjølvsagt skal venterom, ferger og bussar vere universelt utforma. Noko anna er diskriminerande. Mange køyrer ikkje bil og er avhengige av offentleg transport, og for å kunne bu lengst mogleg heime, så er universell utforming som strategi avgjerande.

Dei to benkane som er plassert i det nye venterommet ved fergkaia i Volda er ueigna for mange. Armlener på benkar og stolar er svært viktig og nødvendig både inne og ute. Dessutan, ved å plassere benkane midt i  venterommet slik det er gjort i her, gjer at rullestolbrukarar ikkje får plass medan en ventar på ferga, og kan snu for å køyre ut att. Dei aller fleste hindringane som personar med ei funksjonsutfordring møter, er menneskeskapte. Samfunnet er tent med at tersklar blir fjerna.

«Hva universell utforming av produkter og tjenester innebærer?

Med universell utforming menes at omgivelser og tjenester utformes på en slik måte at de kan brukes av alle mennesker, i så stor utstrekning som mulig, uten behov for tilpassing og en spesiell utforming. Universell utforming er lovfestet i likestillings- og diskrimineringsloven fra 1.1.2018.»