Fastlegeordninga er no 20 år gamal. Den sørger for at kommunen tek ansvar for å sikre naudsynt helsehjelp for innbyggarane sine. Når den kom inngjekk kommunane og legane avtalar som sikra pasientane ein fast lege å vende seg til. Alle som er registrert busett i Norge har såleis denne retten.

Etter som åra har gått har det blitt lagt fleire og fleire plikter til ordninga, og stadig fleire legar fortel om stort arbeidspress og lange dagar, i tillegg til vaktordningar både kveldar og helger. Dette tærer på, og færre og færre i småbarnsfasen ynskjer å vere med på dette arbeidspresset, med over 50 timar i arbeidsveka.

For mindre kommunar blir det etter kvart krevjande å få tak i fastlegar. Ein av grunnane er at legar heller søkjer større fagmiljø, med sterkare faglege nettverk, og sikrare økonomiske forhold rundt det å etablere seg som sjølvstendig næringsdrivande. Allmennlegane må bli betre i stand til å møte behova til dagens og morgondagens innbyggarar, med samansette vanskar og kroniske sjukdomar. Regjeringa sin handlingsplan for allmennlegetenesta, er planlagt å ruste fastlegeordninga for framtida. På kort sikt handlar det om å få på plass fleire fastlegar, og sørge for at dei får færre arbeidsoppgåver.

Kan det vere ei løysing på kort sikt å gje høgare finansiering for dei første 1000 på lista, og lågare for dei neste 200? Det vil vonleg presse ut fleire heimlar, då færre legar vil ta meir enn 1000 pasientar. Konklusjonen på kort sikt blir då færre pasientar på listene for å få ned arbeidstimar, utan å miste inntekt. Ny teknologi gir nye moglegheiter, både til å behandle og til å meistre sjukdom.

Teknologi som gjer det lettare å meistre eigen sjukdom, mobiliserer pasienten sine ressursar og frigjer fastlegeressursar. Tilrettelegging for bruk av teknologi er difor ein del av løysinga. I tillegg til å sikre god tilgang til fastlegar over heile landet ynskjer Venstre å sikre gratis fastlege opp til 18 år. Dermed kan ungdom over 16 år også gå gratis til legen, utan å vere bekymra for kostnaden ved å undersøkje seg når ein er sjuk.

Vi må ta inn over oss at fastlegeordninga ikkje lenger fungerer slik intensjonen var i 2001. No må vi lytte til innspela vi får, både frå erfarne fastlegar som Christiansen og andre, og nytte kunnskapen for å legge til rette for ei betre teneste. Det fortener dei som skal ha tenesta, og dei som skal levere den.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!