Denne vart rulla ut i 20 kommunar i landet i ei pilot-ordning med ei ramme på 200 millionar, og skulle rullast ut nasjonalt for å sikre alle born uavhengig av økonomi ei fritidsaktivitet.

Dagens regjering av Arbeiderpartiet og Senterpartiet skrota denne utrullinga, og bytta den heller ut med «fritidskassa». Ei behovsprøvd ordning som må søkjast på.

Når ein ser at regjeringa heller innfører ei meir byråkratisk og tungvint ordning der familiar må gå med lua i handa å spørje om å få dekt kontingenten til fritidsaktivitetar blir konsekvensen at fleire born droppar ut av fritidsaktivitetane.

Når idrettsforbundet og idrettsklubbar landet rundt no varslar at sjølv «vanlege» familiar slit med å få betalt treningsavgifter bør varsellampane lyse.

Historiar om born som kjem dragande med søppelsekkar med panteflasker for å betale for treningsavgift, eller som sluttar fordi foreldra har dårleg råd, har komt fram i media.

Titusenvis av born mister muligheita til å delta på fritidsaktivitetar, og regjeringa si ordning er finansiert med fattige 76 millionar gir berre nokre få den muligheita.

KrF sitt fritidskort skulle gi 1600 millionar til born og unge over heile landet. 2000 kroner til kvar mellom 6 og 18 år.

Regjeringa gir i snitt 95 kroner til dei unge, for å sette det i perspektiv. Erfaringa frå Island som fritidskortet er henta frå viste at satsing på born og unge gir betre psykisk og fysisk helse, hindrar utanforskap, reduserer kraftig rusbruk, og gir langt betre trivsel blant unge.

Å satse på ordningar som fritidskortet er ei investering og førebygg psykisk uhelse og reduserer fråfall i skulen og seinare i arbeidslivet. Det er samfunnsøkonomisk lønsamt å satse på unge, og i enda større grad ei god menneskleg investering i born og unge si trivsel i oppveksten.

Då er det frustrerande å sjå at regjeringa vel prestisje i å vrake KrF sitt Fritidskort.

Ein kunne ikkje la eit godt gjennomslag få stå i fred så lenge det ikkje var Støre-regjeringa sitt påfunn. Og heller enn å vidareutvikle det, skal ein «finne opp hjulet på nytt» med ei dårlegare og meir byråkratisk ordning. Det ironiske var at begrunninga bak skrotinga av fritidskortet var at regjeringa meinte det var for lite treffsikkert og for byråkratisk. Så presterer regjeringa å gjere det enda mindre treffsikkert og byråkratisk. Forstå det den som kan.

Kostnaden er det dei unge som tek.

KrF har som mål i alle kommunar å innføre fritdskortet slik det opprinneleg var planlagt, slik at alle born, uavhengig av økonomi og sosial bakgrunn skal få delta i fritidsaktivitetar. Det er ikkje borna som skal måtte få konsekvensen av trongare økonomi i familien.