Bygdene i Fjord kommune har dei siste åra hatt ei negativ folketalsutvikling. Kva som skal til for å snu denne utviklinga er eit stort spørsmål. Gode ambassadørar som framsnakkar kommunen og dei tilboda som finst, er ein føresetnad for å lukkast.

Når vi høyrer reaksjonane på forslag om innføring av eigedomsskatt på hus og hytter, både blant dei som bur her fast og dei som har hytter, fryktar vi eit stort fråfall av slike ambassadørar.

Redusert bulyst og mindre lokalpatriotisme er det vanskeleg å gjere økonomiske overslag over. Men at vidare nedgang i folketal, redusert frivillig innsats og dårleg omdøme også vil bli ein negativ økonomisk faktor i drifta av kommunen er det liten tvil om.

For den enkelte innbyggar er det ikkje berre eigen økonomi som påverkar haldningane til eige lokalsamfunn, det handlar ofte om korleis ein opplever at politikaren verdset sine innbyggarar.

For hyttefolket er det litt det same som gjeld, ei bygd som verdset det hyttefolket tilfører, bidreg positivt til deira haldning til lokalt næringsliv og viljen til å bidra i lokalsamfunnet. Vi har mange hyttefolk som har betydd mykje for ei positiv utvikling i bygdene våre.

Om ein brukar offentlege tal for å rekne på verdien av frivillig innsats i Fjord kommune viser kalkulatoren + 30 millionar med tall for landsgjennomsnittet. Vi veit alle at innbyggarane i Fjord ligg langt over landsgjennomsnittet. Derfor er det best å ikkje tenke på kva redusert bulyst og lokalpatriotisme kan koste i form av mindre aktivitet og færre fritidstilbod, ikkje minst for barn og unge.

Viktor Norman, som leia demografiutvalet og hadde foredrag i Stordal i 2023, hadde eit svært viktig poeng som det kan vere grunn å ta fram no. «Det største hinderet for at folk vil bygge og busette seg ut i distrikta er frykta for eit stort tap på bustadinvesteringa dersom ein vel å selje i framtida.»

Eigedomsskatt vil sterkt bidra til at denne frykta vert forsterka og dermed redusere moglegheita for at det finst nokon som tek sjansen. Er det noko vi verkeleg treng, er det fleire som vil busette seg i bygdene våre.

For dei som har eigen bustad i Fjord kommune, kjem redusert marknadsverdi på bustaden i tillegg til sjølve skatten. Med dei bustadprisane vi har sett i bygdene våre siste åra, er det ikkje rart at mange bustadeigarar vert bekymra og fortvilte over at det etter 08. februar (kommunestyre) kanskje vert endå verre.

I staden for nye skattar, kvifor ikkje intensivere arbeidet med å få fleire tilflyttarar til bygdene våre? Ei positiv folketalsutvikling på 50–70 personar vil generere større inntekter enn maksimal forventa auka inntekt på eigedomsskatt.

Bygdene våre treng meir folk, bulyst og lokalpatriotisme, ikkje meir skatt.