Skip som skulle til Murmansk med krigsmateriell til Sovjetunionen i åra 1941–45, gjekk i konvoi frå skotsk hamn via Island. Undervegs møtte dei ofte uvêr, kulde, ising og stor sjø, og i tillegg til dei ustyrlege naturkreftene jakta tyske ubåtar og fly på dei. Dette var det ein alliert konvoi på veg til Murmansk kunne oppleve. Sommaren 1942 stima 34 skip ut frå Island. 23 av dei vart senka og 153 sjøfolk miste livet. 104 handelsskip vart senka og mellom 1000 og 1500 sjøfolk omkom ved Murmansk-konvoiane.

«Konvoi» er ein ny norsk film som i desse dagar vert vist rundt om i landet. Filmen har fått rosande omtale, med både fem og seks på terningen. Det står å lese at filmen er «Inspirert av faktiske hendelser.» Der burde stå: «Filmen er rein fiksjon.»

Med forventning møtte eg til ei framsyning av «Konvoi», og vart vonbroten, ja, faktisk litt fornærma på vegner av dei som den gongen risikerte livet i denne konvoifarten. Sjeldan har eg sett noko så lite truverdig når det gjeld staden der alt hender, det fysiske miljøet – båten – det damstille havet, interiøret og så vidare. Det er til å le av! Det merkelege fartyet der konflikten/hendingane/dramaet utspelar seg er, etter mi meining, ein rein vits.

Ingen får seg til å tru at ein slik liten plimsollar ville bli sendt den lange, og ofte stormfulle sjøreisa til Murmansk. Alle, frå kaptein til messegut, ville nekte å gå om bord. Eksteriør og interiør er ein karikatur! Eg tok meg i å smile, ja, humre inn i meg, då det som liksom skulle vere maskinen vart vist på lerretet. Og tenk dag etter dag har dei total svartestille, komplett flatt hav! Ikkje ein einaste gong var det slingring.

Etter mange døgn i sjøen får vi ein titt ned i det mikroskopiske ‘lasterommet’: Der står kasser fint stabla, utan surring eller «stempling». Er slike detaljar noko å bry seg om? Ja, når alt rundt konflikt og drama er så urealistisk, då får eg ikkje til å tru på det filmen vil fortelje meg.

Navet i filmen er konflikten mellom kapteinen og styrmannen og den store redsla alle om bord kjende på, dødsangsten. Eg skjøna det, men sett inn i eit så lite truverdig miljø, så fengde det meg ikkje.

64 millionar kroner kosta «Konvoi». Vart nokre kroner nytta på fagfolk/ konsulentar som kunne kome med innspel om ei truverdig ramme?

Skildringa av konflikten er godt spela, men det hjelper ikkje når ramma rundt er ein vits.

Eg meiner at dei som risikerte livet i Murmansk-farten desse åra, fortener ein betre minnefilm enn «Konvoi».