Tysdag skal det lagast fakkelring rundt Herøy kyrkje, der Suel Kassembo sit i kyrkjeasyl medan han ventar på at ankesaka mot staten kjem opp. Mange engasjerer seg for at Suel skal bli verande i Noreg, og fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal SV vedtok nyleg ei fråsegn som ber om rettferd for både han og andre ureturnerbare flyktningar. Slik lyder den:

Situasjonen for lengeverande ureturnerbare asylsøkjarar i Noreg er umenneskeleg. Den vesle gruppa såkalla ureturnerbare asylsøkjarar lever i limbo i Noreg utan grunnleggjande rettar, som retten til å arbeide, studere, stifte familie eller få naudsynt helsehjelp. Mange av desse har kome til Noreg som mindreårige, og i mangel på identitetspapir fått sett livet sitt på vent i årevis, nokre gongar tiårsvis.

Både NOAS, Røde Kors og andre hjelpeorganisasjonar har dokumentert dei store negative konsekvensane dagens asylpolitikk har for menneske som har flykta frå krig og konflikt, og som må leve på eksistensminimum som ureturnerbare flyktningar. Dei er fanga i systemet – dei får ikkje opphald, men kan heller ikkje reise frå landet.

I Møre og Romsdal har saka til Suel Kassembo vakt stor merksemd. Suel kom til Noreg som 16-åring og har vore ein del av lokalsamfunnet på Sunnmøre i 19 år. Sjølv om han heile tida har snakka sant om bakgrunnen sin, har han i mangel på ID-papir ikkje vorte trudd av staten.

Når han no med hjelp av ei lokal støttegruppe har greidd å dokumentere bakgrunnen sin, vel utlendingsmyndigheitene å sjå bort ifrå eigne sakshandsamingsfeil, og han vart dømd i Tingretten for brot på Utlendingslova.

Dei som fylgde rettssaka, fortel om ein uverdig prosess, der Kassembo sine vitne ikkje fekk kome skikkeleg til orde. No trugar staten med utkasting allereie før saka blir prøvd i lagmannsretten og dommen eventuelt blir rettskraftig.

Det strir mot folk sin rettferdssans at staten ikkje tek ansvar for eigne feil og rettar opp gamle vedtak gjorde på feil grunnlag. Det strir også mot folk si rettsoppfatning å kaste folk ut av landet etter 19 år på så sviktande grunnlag.

Eit grunnleggjande juridisk prinsipp er at tvilen skal kome tiltalte til gode. Diverre ser vi ein omvendt praksis for flyktningar som kjem til Noreg utan identitetspapir.

I staden for at tvilen fell den tiltalte til gode, mistenkjer og umyndiggjer staten personar som til dømes Suel Kassembo, utan å få høve til å forklare seg og imøtegå staten sine påstandar i Utlendingsnemnda (UNE). Bevisbyrda vert lagt på sårbare flyktningar i staden for på staten. Dette utfordrar våre grunnleggjande prinsipp for rettstryggleik.

Møre og Romsdal SV gir full støtte til støttegruppa Rettferd for Suel sin kamp. Vi er urolege for retninga i norsk flyktning- og asylpolitikk, der innvandringspolitiske omsyn trumfar grunnleggande menneskerettar og humane verdiar. Møre og Romsdal SV meiner at:

  • Barnets beste må gjelde i saker som gjeld mindreårige ureturnerbare flyktningar

  • Rettshjelpa i utlendingssaker må aukast og betrast

  • Ureturnerbare må sikrast grunnleggjande menneskerettar som t.d. helsehjelp

  • Det må innførast foreldingsfrist for saker som gjeld lengeverande ureturnerbare flyktningar

Vi krev rettferd for ureturnerbare flyktningar!

På vegner av Møre og Romsdal SV.