Sunn konkurranse kan så absolutt vere motiverande for innsats i dei rette samanhengane. Men for å skape kvalitet i arbeidslivet, er det nok andre evner som tel meir: Våre haldningar til dei grunnleggande verdiane nestekjærleik, toleranse, inkludering, rettferd og ansvar for seg sjølv og andre.

Meir enn nokon gong er det viktig å forstå korleis verdiar i eit moderne samfunn vert skapt. Det handlar om komplekse system som helse, utdanning/erfaring, forsking, engasjement, idealisme, uthaldenheit, vilje, muligheiter, anerkjenning, tillit, samarbeid og ledelse. Å dyrke grynderskapet og entrepenørskapet er viktig for å skape næringsutvikling og velferd i pakt med naturen og miljøet. Det er den totale produksjon som skaper kapital og meirverdiar.

Innanfor normal lønsdanning ser vi i Norge folk på alle område og nivå, utfører oppgåvene sine med pur arbeidsglede, skaparglede, yrkesstoltheit og ansvar. Det er ingen grunn for at folk skal stå med lua i handa og takke for løna si. Derimot må denne kvaliteten dyrkast og vidareførast.

Kvaliteten som er utvikla i det norske samfunnet, har gitt menneska ein eneståande muligheit til utvikling og vekst. Befolkninga er kunnskapsrik, kompetent og har stor arbeidskapasitet. Det berande prinsippet har vore eit fellesaskap som gir menneska tru på seg sjølve og tillit til eigne krefter, slik at dei kan ta hand om eige liv og vere andre til hjelp. I motsetning til system der utnytting og undertrykking av andre er det daglegdeagse.

Der livet blir ein evig kamp mot kvarandre med ustabile sosiale og politiske vilkår, klasseskilje og fattigdom. Fattigdom er ei katastrofe for den fattige, men også for heile samfunnet. Den siste er dessverre den rådande modellen i verda. I dei siste åra har den også utfordra etablerte velferdssamfunn. Vi lever i ei uroleg og uoversiktleg tid. Derfor er det svært viktig at vi i det offentlege ordskiftet er i stand til å identifisere verdigrunnlaget, prosessane og tiltaka som har bygt det norske velferdssamfunnet.

Vi har mykje å glede oss over. Vi har har levd i fred, der dag for dag har blitt bedre. Eg veit at det er menneskleg å feile. Men dei grunnleggjande verdiane vårt samfunn er tufta på, er slitesterke og kan i det uendelege resirkulerast. Det gjeld ikkje minst samarbeid og rettferdig fordeling. Det er eit godt grunnlag for å løyse dei komplekse og omfattande utfordringane vi står framfor. Vi treng meir forståing, samhald og samarbeid. Vi må også glede oss over konkurransens vesen i leik og idrett, men også vere medvitne dei begrensningane og utfordringane den representerer i samfunnslivet.

Mitt perspektiv er at våre barn og barnebarn skal få oppleve det same trygge samfunnet som eg sjølv vaks opp i.