Ålesund kommune vann prisen som beste pårørandekommune i 2017, fekk pårørandekoordinator 2019 og er demensvennleg kommune.

Men vi må heile tida utvikle kvaliteten i tenestene. Så lenge det er eldre som ikkje har fått den hjelpa velferdsstaten skal yte, og pårørande som held på å gi opp, er vi ikkje i mål.

Eit pårørandesenter skal gi lågare terskel for dialog og rettleiing og hjelpe alle pårørande til gode tenester. Pårørandekoordinator bør halde fram sitt viktige arbeid som i dag. Mi erfaring er at kommunale helse og omsorgstenester i Ålesund er gode. Likevel må vi gjere meir for å få tenestene til å henge i hop og forklare kva som er kommunens oppgåve og kva folk må finne løysingar på sjølv. Ei stor utfordring er å gi eit veksande tal eldre hjelp med redusert tilgang på pleiepersonal, derfor må vi tenke nytt og få til meir semje i avgjerdene i helse og omsorgspolitikken!

Vi ser for oss eit prøveprosjekt med helsestasjon for eldre. I statsbudsjettet vil det bli lyst ut middel til å utvikle eldreomsorga, der må vi søke. Helsestasjonen for barn er eit tilbod til foreldre/pårørande og barn, med samtale om ernæring, vekt og vurdering av helsemessige utfordringar. Når barna er nyfødde, kan familien få heimebesøk. Det er gjennom helsestasjonsperioden fokus på gode forhold for barna og meistring for foreldra.

Mange kommunar har i dag heimebesøk til eldre ved 80 eller 85 års alder, men systematikken frå helsestasjonen manglar og ofte er ikkje pårørande med på denne første kontakten. Kartlegging og heimebesøk ved denne alderen vil kunne skape tillit og avklare framtidige behov, er bustaden eigna vidare og kor lenge? Korleis er oppfølging av helse, ernæring og trivsel?

I Ålesund kommune er det i dag heller ingen fastlegar som reiser på sjukebesøk heim til eldre. Dette kan resultere i at eldre som manglar evne til å bestille eller få hjelp med å reise til fastlegen, manglar eit helsetilbod. Både i barnepopulasjonen og eldrepopulasjonen har dei fleste det bra og klarer seg med familiens ressursar og heimebaserte tenester. Det blir likevel fleire eldre, men fleire er friske lenger.

Barn med risikofaktorar frå eiga helse eller familiesituasjon, får spesiell oppfølging, slik bør det også vere overfor eldre med dårleg helse eller få eigne ressursar. Organiseringa av desse tenestene må vere slik at vi oppnår målsettinga. Pårørandesenteret vil kunne vere ein del av Koordinering og tildeling eller ein del av helsestasjonen for eldre slik at desse tenestene gir god ressursutnytting.

Satsinga blir då god hjelp for eldre og pårørande, for kommunen ei hjelp til dimensjonering av tenestene. I valkampen var vi ueinige om privatisering eller ikkje av helse og omsorg. Eit prøveprosjekt med kartlegging, pårørandestøtte og differensiert oppfølging, bør vere eit område vi kan bli einige om i neste kommunestyreperiode?