Tysdag 20. juni arrangerer Redd Barna og Kirkens Bymisjon eit folkemøte om familiefattigdom i Ålesund og det blir diskusjon med politikarar om kva kommunen skal gjere for at låginntektsfamiliar skal få betre levekår. 8 % av barna i kommunen bur i låginntektsheim, og denne andelen berre aukar. Korleis skal vi som politikarar forhindre at fleire barn veks opp i fattigdom, kva er det beste tiltaka for å motverke dette?

Raudt Ålesund held i desse dagar på å ferdigstille programmet vi skal gå til val på. Her har vi fleire gode tiltak som skal redusere aukande forskjellar i samfunnet:

  • Bustad: vi meiner at vi må ta tilbake kontrollen over bustadmarknaden med regulering av leigeprisar, og tilby fleire ikkje-kommersielle bustader til leige og eige. Ein ikkje-kommersiell bustadsektor med rimelege bustader vil vere sosialt utjamnande, verke dempande på den galopperande prisutviklinga, gjere det mogleg for dei som ønskjer det å velje eit liv utan høge bustadlån og renter, og gjere det mindre stigmatiserande å bu i kommunale bustader.

  • Transport: vi meiner at bompengar er sosialt urettferdig, og råkar dei som har minst hardast, difor ønskjer vi å fjerne dette. Vi ønskjer også å få til ei ordning med gratis buss for dei under 18 år for å gjere det lettare å kome seg rundt på ulike aktivitetar. For vaksne må vi senke billettprisane markant.

  • Auka sosialstønad: vi meiner at kommunen må heve satsen for sosialhjelp. Satsen bestemmast lokalt, og dette er noko vi som kommune har myndigheit til å gjere. Det kan heller ikkje vere sånn at ein må selje bil og personlege eigedelar før ein kan ta imot støtte.

  • Skule og barnehage: vi meiner at alle barn burde ha rett på eit varmt måltid i løpet av dagen sin. Vi veit at barn sine opplæringsarena har ein viktig jobb i å redusere eller reprodusere sosiale forskjellar. Difor ønskjer vi å innføre gratis skulemat i grunnskulen, og vi ønskjer å redusere makspris i barnehage, samt vidareføre mattilbodet i dei kommunale barnehagane.

  • Gratis fritidsaktivitetar: vi meiner at tilgang på fritidsaktivitetar bidreg til inkludering og førebygg utanforskap, og vil difor gi støtte til minst ein gratis fritidsaktivitet for barn og unge.

  • Handlingsplan mot fattigdom: alle desse tiltaka og enda fleire må til for å kunne oppnå målet om at ingen skal vakse opp i fattigdom i Ålesund kommune. Difor må ein av dei første oppgåvene vi som politikarar tek på oss i nye Ålesund kommune vere å lage ein eigen handlingsplan mot fattigdom.